Rådgjevar

Arbeidsgiver
Luster kommune NAV Luster
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

NAV Luster held til i lyse og trivelege lokalar i Gaupne sentrum, like ved Lustrabadet. Me er eitt av seks NAV- kontor i region Sogn.

Flyktningtenesta og Vaksenopplæringa ligg òg organisert til NAV- kontoret. Vaksenopplæringa har eigne lokalar i lagshuset på Granden i Gaupne sentrum.

NAV Luster, Flyktningtenesta og Vaksenopplæringa har per i dag omlag 20 tilsette totalt.

I NAV Luster legg me vekt på samarbeid på tvers av kommunegrensene for å vidareutvikle tenestene til innbyggjarar og arbeidsgjevarar. Me deltek aktivt i regionale fagnettverk og i utviklings- og forbetringsarbeid i heile regionen.

Ei av våre tilsette skal videre på nye eventyr, og me søkjer difor etter ein ny kollega som ynskjer bli med på laget som rådgjevar i NAV Luster.

Stillingsinformasjon:

  • NAV Luster har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar frå 1. juni
  • Stillinga som rådgjevar er knytt til dei sosiale tenestene i kontoret
  • Stillinga vil inngå som ei av 3,4 faste stillingar i Sosialteamet

Andre mellombelse stillingar kan òg bli ledige/aktuelle, og ein kan då bli kontakta.

Arbeidsoppgåver inkluderer:

  • Oppfølging og sakshandsaming etter Lov om sosiale tenester i NAV
  • Kartlegging av brukaren sin heilskaplege situasjon, rettleiing og bistand til brukarane
  • Oppfølging retta mot arbeid og aktivitet som fordrar kontakt med arbeidsgjevarar
  • Kartlegging, avdekking og ivaretaking av barn sine behov i møte med NAV
  • Handsame og følgje opp søknader om økonomisk sosialhjelp
  • Økonomisk oppfølging og rådgjeving
  • Bustadsosialt arbeid

 NAV er ein organisasjon i stadig utvikling og endring. Andre arbeidsoppgåver må påreknast.

Kvalifikasjonar:

  • Minimum treårig høgskule/universitetsutdanning innan sosialfagleg/samfunnsfagleg retning
  • Annan utdanningsretning kan vurderast ved særleg relevant erfaring
  • Det er ønskeleg med kompetanse på oppfølging etter Lov om sosiale tenester i NAV
  • Sertifikat kl. B
  • Digital kompetanse

Me legg vekt på:

  • at du har gode kommunikasjonsevner, relasjons- og rettleiingskompetanse. Du vil i jobben møte brukarar med forskjellige utfordringar og behov.
  • at du har evne til å jobbe sjølvstendig og i team for å finne gode løysingar
  • at du er ein relasjonsbygger som er god på å samarbeide med andre
  • at du har erfaring med sakshandsaming, rettleiing og oppfølgingsarbeid frå offentleg forvaltning
  • at du har god forståing for korleis gjeldande lovverk nyttast i praksis
  • at du har god økonomisk forståing
  • at du tek raskt til deg ny kunnskap, og tek ansvar for eiga læring og faglege utvikling
  • at du har digital kompetanse og gode evner til å sette deg inn i nye datasystem og arbeidsmetodar
  • at du er personleg egna for stillinga vil bli særleg vektlagt

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale

Andre opplysningar 

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Øyagata 14 B, 6868 Gaupne
Stillingsfunksjon
Saksbehandler, Rådgivning, Kontor og administrasjon
FINN-kode
344110698
Sist endret
14. mars 2024 11:44