Bladet Tysnes søker redaktør/dagleg leiar

Arbeidsgiver
Bladet Tysnes AS
Stillingstittel
Redaktør/Dagleg leiar
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du styra avis-skuta vår?


Brenn du for god lokalavisjournalistikk? Vil du vera med på å skriva historie kvar einaste veke? Bladet Tysnes er no på jakt etter ein dyktig og engasjert person til den viktige stillinga som redaktør og dagleg leiar.


Arbeidsoppgåver:


  • Leiing av det redaksjonelle arbeidet
  • Bidra med gode og engasjerte saker for avisa sine lesarar
  • Overordna ansvar for drifta, inkludert personal- og økonomiansvar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:


  • Relevant erfaring innanfor journalistikk/media
  • Leiarerfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav
  • Evne til å motivera og inspirera andre
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne
  • Stor arbeidskapasitet og godt humør

Me tilbyr:


  • Ein spennande og variert arbeidskvardag i eit pulserande lokalsamfunn
  • Entusiastiske medarbeidarar
  • Løn etter avtale

Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med redaktør Øyvind Bjerkestrand, tlf. 936 25 240, eller styreleiar Elisabeth Anfinsen Seim, tlf. 982 51 612.


Søknad kan sendast til: elisabeth.seim@bi.no. Søknadsfrist: 2. april

Sektor
Privat
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Markedsfører
FINN-kode
344102579
Sist endret
14. mars 2024 11:25