Inaktiv

Assistent - Langevåg skule søker inntil 6 stillingar 30-50%. Både fast og engasjement. 

Arbeidsgiver
Langevåg skule, Sula kommune
Stillingstittel
Assistent
Frist
29.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Langevåg skule SFO søker etter assistenter i skulefritidsordninga for komande skuleår.

Dette er stillingar frå 30 til 50 %. Det kan vere aktuelt å kombinere stillingane med assistent i skulen. Då kan stillingsstorleiken bli opp mot 80%.
SFO har ca. 180 barn frå 1. til 4. klasse.

Vi har eit godt arbeidsmiljø, flott uteområde og nærleik til supre naturområder, med vatn, fjell og naturstiar. SFO har som motto: Ut på tur aldri sur. 

Vi har også eit nært og godt samarbeid med kulturskulen og Sula ungdomsskule.



Arbeidsoppgåver

  • Sette leik og aktivitet i fokus.
  • Legge til rette for at barna skal få positive opplevingar kvar dag.
  • Vere tydelege og tilgjengelege vaksne, som har tid til å lytte og snakke med barna.
  • Lære barna å vise omsyn til kvarandre.
  • Ha god dialog med føresette.
  • Vere kreative saman med barna.
  • Vere tydelige og ansvarlige rollemodellar.

Kvalifikasjonar

Det er ein fordel om du har erfaring frå liknande arbeid, men alle som er glade i å arbeide med born er velkomne til å søkje. 

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss ein kollega som:

  • viser engasjement og godt humør.
  • likar å samarbeide, dele og reflektere saman med kollegaane sine. 
  • er oppteken av eit trygt og godt skulemiljø.
  • er positiv og ønskjer å bidra sosialt både inn mot elevar og tilsette.

Vi tilbyr

  • Ei stor, aktiv og flott barnegruppe.
  • Positive, engasjerte og inkluderende personalgruppe.
  • Lønn etter tariff.

Kontaktinformasjon

Ole Martin Tonheim, Rektor

Arbeidsstad

Bratthaugmyra 39

6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune



Referansenr.: 4784695944

Stillingsprosent: 50%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 29.03.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Bratthaugmyra 39, 6030 Langevåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Barnehage / Barnehageassistent
FINN-kode
344099887
Sist endret
14. mars 2024 10:28