Inaktiv

Vikariat som assisterande seksjonsleiar

Arbeidsgiver
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling/ Seksjon S3, Helse
Stillingstittel
Vikariat som assisterande seksjonsleiar
Frist
31.03.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Psykiatrisk klinikk har ledig vikariat i 1 år som assisterande seksjonsleiar i seksjon S3, avdeling for spesialistert psykosebehandling.

Seksjon S3 er ein lukka korttidspost med 9 senger lokalisert til Sandviken sjukehus. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar og samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna, eigna behandlingstilbod. Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.

Assisterande seksjonsleiar i S3 har medansvar, saman med sekjsonsleiar, for å utvikle miljøterapi og saman med resten av leiinga etablere eit godt fungerande samarbeid med aktuelle instansar. Oppstart etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Saman med seksjonsleiar og fagleg ansvarleg sørge for god drift av seksjonen
  • Saman med seksjonsleiar ansvarleg for å legge til rette for opplæring og oppfølging av nytilsette og studentar
  • Medansvar for arbeidstidsplanlegging og bemanning
  • Ansvarleg for seksjonen ved seksjonsleiars fråvær
  • Saman med seksjonsleiar utarbeide turnus
  • Fagutviklingsarbeid og planlegging av internundervisning
  • Kvalitetsforbetringsarbeid
  • Bidra til gode og effektive pasientløp
  • Ta del i det arbeidet som til ei kvar tid ligg til avdelinga
  • Klinisk arbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Relevant vidareutdanning innan psykiatri eller rus/psykiatri
  • Fordel med erfaring med pasientgruppa
  • Relevant sjukehus- og/eller leiarerfaring er ein fordel
  • Det er ein fordel å ha erfaring med Gat, Dips og Meona
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider stukturert, sjølvstendig, effektivt og målretta
  • Du kommuniserer godt med dei rundt deg
  • Du er opptatt av samarbeid og blir sett på som ein bidragsytar i samarbeid med andre
  • Du er lojal til vedtatte avgjerder og opptatt av gode arbeidstilhøve
  • Du er fleksibel, løysingsorientert og trivast med varierte utfordringar
  • Du er engasjert i arbeidet
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Fagleg utvikling
  • Kompetanseheving og vidareutvikling innan leiing og administrasjon
  • Eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Sigurd Ulfeng Jakobsen, Seksjonsleiar, 55958530

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4782857059

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.05.2024

Sluttdato: 01.05.2025

Søknadsfrist: 31.03.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
344092647
Sist endret
14. mars 2024 09:49