Ambulerande maskinsjef Vestland

Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Stillingstittel
Ambulerande maskinsjef Vestland
Frist
10.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har ledig stilling som ambulerande maskinsjef i Vestland.

Som ambulerande maskinsjef vil du vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy på ulike samband.

Du vil ha fast turnus og grunnløn, men vil tjenestegjere på ulike fartøy etter behov.

Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av.

Ein spennande og variert stilling med mogeligheiter for å få kjennskap til tekniske system, på både toppmoderne, og eldre fartøy.



Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
  • Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
  • Sørge for opplæring av personell under si leiing
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemte og reservedelsoversikt
  • Akrivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskinsdagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat
  • Høgspentkurs
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt og fleksibel

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar
  • Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av - minimum 71 timer per veke

Kontaktinformasjon

Silje Terese Hjønnevåg Hole, Bemanningskoordinator, +47 91311704

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS



Referansenr.: 4784583627

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 10.05.2024


Sektor
Privat
Sted
6902 Florø
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Teknisk personell
FINN-kode
344092000
Sist endret
26. apr. 2024 11:37