Inaktiv

Sokneprest i Ytre Nordmøre prosti med Aure, Stemshaug og Tustna sokn som tenestestad.

Arbeidsgiver
Ytre Nordmøre prosti, Den norske kirke, Møre bispedøme
Stillingstittel
Sokneprest i Ytre Nordmøre prosti med Aure, Stemshaug og Tustna og sokn som tenestestad.
Frist
19.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er ledig stilling som Sokneprest i Ytre Nordmøre prosti med Aure, Stemshaug og Tustna sokn som tenestestad

Kyrkja samarbeider godt med kommunen. Dei som er involvert i råd og utval er godt fordelt i alder og kjønn. Den lokale tilknytinga til kyrkje og kyrkjehus er viktig for folk, og samspelet mellom kyrkje og kulturliv er viktig i samfunnet vårt. Det er eit levande kristenliv i kommunen med eit godt og nært samarbeid med misjonsorganisasjonar og bedehusmiljø. 

Kyrkjekontoret har lokale i den vakre gamle prestegarden, som ligg sentralt plassert midt i Aure, omkransa av ein nydeleg hage med kort avstand til Aure kyrkje.
Kyrkja i  Aure er ein velfungerande organisasjon, og staben og arbeidsplassen bidrar til at det er lett å trivast.

Pr. i dag er det 7 tilsette i kyrkjeleg fellesråd.  Det er kyrkjeverje, organist, kyrkjetenarar, kyrkjegardsarbeidarar, sekretær på kontoret og trusopplærar. 
Det er tre sokn i Aure kyrkjelege fellesråd.  Aure sokn med 1522 medlemmer, Stemshaug sokn med 487 medlemmer og Tustna sokn med 696 medlemmer.  Nynorsk er målforma i Aure og Stemshaug sokn, medan bokmål er målfoma i Tustna sokn.

Aure kyrkje er sentralt plassert i Aure, og ligg på ein kyrkjestad frå 900-tallet.  Aure kyrkje vart vigsla i 1924, og er ei nydeleg krosskyrkje med element frå dei fyrste kyrkjene.  Kyrkja har 800 sitteplassar.  Stemshaug kyrkje vart vigsla i 1908 og er ei langkyrkje i stavkyrkjestil.  Stemshaug kyrkje har 288 sitteplassar.  Gullstein kyrkje er ei langkyrkje frå 1869.  Byggverket er i tre og det er 300 sitteplassar. Kyrkja er til ein viss grad utforma i stavkyrkjestil.

Les meir om kyrkja i Aure på https://aurekyrkje.no/  og https://facebook.com/KyrkjeneiAure 

Søknad med CV, vitnemål og referansar sendes til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom
du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette
grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom
bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta
før søkjarlista vert offentleggjort.



Arbeidsoppgåver

  • Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelyden.
  • I tillegg til gudstenester og tenesteveker som blir fordelte etter oppsett arbeidsplan, tek presten del i dåps- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andakter på sjuke- og aldersinstitusjonane.
  • Soknepresten er med i beredskapsordning for prestane.

Kvalifikasjonar

  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting av sokneprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av menighetsprest".
  • Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, som kan vise til gode leiareigenskapar og gode evner til samarbeid med kolleger og tverrfagleg. 
  • Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje..  
  • Ordinert søkjar som er stabsborgar i anne EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemsskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6
  • Søker må opplyse om han/ho beherskar begge målformer.
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til vigsling" (VTV). Ordinasjon føreset normalt fullført VTV. . 
  • Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar til stillinga, vil stillinga bli gjort om til ei PUU stilling, med dei kvalifikasjonskrav og arbeidsoppgåver som høyrer PUU stillinga til.

Personlege eigenskapar

  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • God samarbeidsevne og syn for heilskapen i kyrkjelyden
  • Evne til å komme i kontakt med folk og bygge nettverk.
  • Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper

Vi tilbyr

  • Løn etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønsgruppe 1555 sokneprest.  Innskot i Statens pensjonskasse.
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
  • Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • Bedriftshelseteneste.
  • Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet.  Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.

Anna:

  • For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20.
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Sindre Kulø, Prost, +4795826068, sindre.stabell.kulo@kristiansund.kommune.no

Anne-Marit Hagelund, Avdelingsleiar personal, +47 92235009

Arbeidssted

Aursundvegen 147

6690 Aure

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Den norske kirke



Referansenr.: 4782769891

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 19.04.2024


Sektor
Privat
Sted
Aursundvegen 147, 6690 Aure
Stillingsfunksjon
Annet, Ledelse
FINN-kode
344042242
Sist endret
14. mars 2024 08:39