Inaktiv

Miljøterapeut/miljøarbeider/assistent Bu- og miljø Sogndal

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Sone Sogndal
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune yt tenester til menneske med ulike typar nedsett funksjonsevne. Pasient- og brukargrupper er personar med funksjonsnedsetting som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar personleg assistanse, opplæring i dagleglivet, tilrettelagde bustadar, dagtilbod og fritidstilbod. 

Sogndal kommune har ledig fast 100% stilling som miljøterapeut/miljøarbeidar/assistent i bu- og miljøtenesta i sone Sogndal. Stillinga er ledig frå snarast. I arbeid med våre tenestemottakarar er det slik at desse har preferansar i høve kjønn og dette vert også vektlagt i tilsetting. Vi oppfordrar kvinner til å søkje.

 

Sentrale ansvarsområde: 

  • Målretta miljøarbeid 
  • Journalføring 
  • Bistand til daglege gjeremål 
  • Ivareta tenestemottakar si sjølvstendigheit og utvikling 
  • Motivere til aktivitet, trening og sosialisering 
  • Bidra til god livskvalitet, gode relasjonar og eit godt arbeidsmiljø 
  • Primærkontakt- og koordinatoroppgåver kan bli delegert frå leiar 
  • Andre oppgåver ved behov 

 

Kvalifikasjonar: 

  • 3- årig helse-sosial- eller pedagogiske fag frå høgskule og/eller universitetsnivå eller vidaregåande opplæring innan helse- og omsorgsfag
    • Erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonshemming kan erstatte kompetansekrav
  • Fordel med kjennskap til Gerica, Microsoft 365 og Visma flyt ressursstyring 
  • Beherske norsk skriftleg og munnleg 
  • Førarkort klasse B manuell gir

 

 Personlege eigenskapar: 

  • Omsorgsfull 
  • Skape tillit til tenestemottakar, kollegaer og pårørende
  • God lagspelar
  • Trygg på deg sjølv og eiga rolle
  • Løysingsorientert og fleksibel 

 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 

 

Spesielle vilkår for stillinga: 

Den som vert tilsett må leggje fram: 

- Tuberkolose/MRSA-skjema, evt. Tuberkulinattest av ny dato 

- Politiattest av ny dato 

  

 

Me tilbyr: 

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 

· Gode pensjons- og forsikringsordningar 

· Gode velferdsordningar 

· Løn etter tariff 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
6856 Sogndal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Annet
FINN-kode
344006563
Sist endret
14. mars 2024 07:48