Avdelingsleiar, vikariat skuleåret 2024/2025

Arbeidsgiver
Åseral kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar, vikariat skuleåret 2024/2025
Frist
26.03.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Avdelingsleiar skal vere rektor si hjelp til gode informasjonsliner frå einingsleiar til dei tilsette.

Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar vil vere tett på einingsleiar, og tett inn mot klassane og dei tilsette. I stillinga som avdelingsleiar har du 50% undervisning.

Avdelingsleiarmodellen er basert på leiar- og rettleingsansvar i ungdomsskulen og på barnetrinnet.

Du skal samarbeide tett med rektor om mellom anna utviklingsarbeid, og vere ein del av skulen sitt leiarteam. Som avdelingsleiar vil du mellom anna ha ansvaret for informasjonsflyt og samarbeid med tilsette.

Den som vert tilsett i vikariatet som avdelingsleiar avtalar med rektor kva oppgåver som skal prioriterast.

Vidare vert det avtalt med einingsleiar korleis arbeidstida mellom 50% administrativ stilling og 50% undervisningsstilling skal løysast.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning og formell kompetanse for grunnskule
  • God kunnskap om, og interesse for bruk av teknologi og digitale læringsressursar i læringsarbeidet er ein fordel
  • Ynskjeleg med erfaring frå grunnskulen

Personlege eigenskapar

  • Har evne til å skape gode relasjonar til både elevar og andre tilsette
  • Har evne til å leie tydeleg, strukturert, forutsigbart og sette tydelege grenser
  • Er fleksibel og har endringskompetanse
  • Har stor fagleg kompetanse og stort engasjement

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Tverrfagleg samarbeid
  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Helene Håvorstad Ljosland, Einingsleiar, helene.havorstad.ljosland@aseral.kommune.no

Arbeidssted

Bordalen 4

4540 Åseral

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Åseral kommune



Referansenr.: 4770470201

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 26.03.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Bordalen 4, 4540 Åseral
Stillingsfunksjon
Ledelse, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
344001086
Sist endret
14. mars 2024 07:44