Sjukepleiar natt 85 % fast stilling

Arbeidsgiver
Heimetenestene, Sykkylven kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar natt 85 % fast stilling
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig 85 % fast stilling som sjukepleiar på natt, med arbeid kvar tredje helg.
Stillinga er per d.d knytt til natt på Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS).
Her er 8 nattevakter per natt fordelt på BUAS og nattpatruljen, som samhandler med kvarandre. Ein sjukepleiar er på "topp" og gir sjukepleiekompetanse til alle avdelingane etter behov.

På Buas er det totalt 72 plassar fordelt på 5 avdelingar. Det er 2 avdelingar for demente, 1 korttidsrehab avdeling som også har 1 KAD plass, 2 avdelingar med heildøgns omsorg (leiligheter)der det også er nokre langtids institusjonsplassar.



Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar
  • Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
  • Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid
  • Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
  • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
  • Evne til å halde seg fagleg oppdatert
  • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer

Personlege eigenskapar

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Vere strukturert og løysingsorientert
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Vise fagleg engasjement
  • Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
  • Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP (hyperlenke)
  • Rekrutteringstillegg til nytilsette

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

Kontaktinformasjon

Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16

6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune



Referansenr.: 4783041759

Stillingsprosent: 85%

Fast

Søknadsfrist: 12.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haugneset 16, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
343996751
Sist endret
25. apr. 2024 07:33