Helsefagarbeidar - faste stillingar ved Vigra omsorgssenter

Arbeidsgiver
Giske kommune, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - faste stillingar ved Vigra omsorgssenter
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig to faste stillingar som helsefagarbeidar i avdelingar for menneske med demenssjukdom ved Vigra omsorgssenter. Stillingsstorleiken er 75 % og 52 %, og begge stillingane er ledige frå snarast. Skriv kva stilling som er aktuell for deg i søknaden.

Begge stillingane inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg, men dersom det er ønskjeleg kan 4. kvar helg med langvakter bli vurdert.

Vi søkjer engasjerte helsefagarbeidarar med fokus på god og trygg pasientbehandling.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.



Arbeidsoppgåver

  • Vanlege oppgåver i avdelingar med heildøgns pleie-og omsorgstilbod til menneske med demenssjukdom.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning.
  • God digital kompetanse.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • Det er ønskjeleg med sertifikat for bil.

Personlege eigenskapar

  • Interesse for demensomsorg og liknande diagnosar.
  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.

Vi tilbyr

  • Fokus på fleksibilitet og samarbeid og ønskjer å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Helen Gjerde, nestleiar, 90249808

Randi Helen Holmen, avdelingsleiar Reset bufellesskap, 91875720

Heidi Renate Roaldsand, avdelingsleiar, 90248034

Nina Skjong, einingsleiar, 90251630

Arbeidsstad

Reset 14

6040 Vigra

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune



Referansenr.: 4783402730

Stillingsprosent: 75, 52%

Fast

Søknadsfrist: 02.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Reset 14, 6040 Vigra
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
343994745
Sist endret
14. mars 2024 07:38