Inaktiv

Lege i spesialisering, fødselshjelp og kvinnesjukdomar

Arbeidsgiver
Legar Gynekologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering, fødselshjelp og kvinnesjukdomar
Frist
22.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig fast stilling for lege i spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdomar med oppstart frå snarast.

Avdeling for Kvinnesjukdomar, barnemedisin og habilitering er ei mellomstor avdeling i nasjonal samanheng. Dette inneber at vi har dei fleste gynekologiske og obstetriske problemstillingar i vår avdeling. Dette gir lærerike og interessante arbeidsdagar. Vi har likevel ikkje like stor mengde pasientar som ved avdelingar ved universitetssjukehus og du må derfor til teneste ved universitetssjukehus for å få mengdetrening på fødeavdeling og operasjonar ved gynekologisk avdeling og gynekologisk kreftavdeling. Vi har eit godt arbeidsmiljø og vi jobbar tett saman, både vi legane oss imellom og saman med anna sjukehuspersonell.

I 2021 hadde vi 14 570 pasientkontaktar. Vi disponerer 28 senger og hadde 554 døgnpasientar, 534 dagbehandlingar og 10 470 polikliniske konsultasjonar. Vi har omtrent 1 300 fødslar per år. Vi har 11 spesialistar og 10 LIS3. Ein av overlegane og to LIS3 har PhD og enda ein overlege holder på med PhD.

Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledige.

Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 



Arbeidsoppgåver

  • Arbeidskvardagen inneheld bl.a. visittgang ved gynekologisk sengeavdeling og føde/barsel. Det er dagleg høg poliklinisk aktivitet med både gynekologisk og obstetrisk poliklinikk. Vi har pasientar ved kreftavdelinga og kreftpoliklinikken vi ser til, og det er også mykje operativ aktivitet både ved operasjonsavdelinga og dagkirurgisk eining. Vi har planlagte operasjonar 3-4 dagar i veka ved sentraloperasjon og ein dag i veka ved dagkirurgisk eining.
  • Legar i spesialisering går 8-delt vakt. Vaktdøgnet er delt i to på kvardagane, medan det i helga er døgnvakt. Nattevakt på kvardagar starter kl 15.00 og varer til 09.00 neste morgon. Fredagar startar nattevakta kl 14.30. I helgane varer vaktdøgnet frå 08.30 den eine dagen og til 09.00 neste dag. Det er ingen heile friveker, men fleire enkeltståande fridagar. Arbeidsplanen er stort sett lagt mot helg slik at ein får nokre langhelger fri.
  • LIS har tilstadevakt, og grunna nasjonal føring «Eit trygt fødetilbod» har også bakvakt tilstadevakt for å vere i rask nærleik i dei tilfella kompetansen til vakthavande LIS-lege ikkje strekker til.

Kvalifikasjonar

  • Meistre godt norsk, både skriftleg og munnleg
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning 

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert og positiv
  • Du er både teamorientert og sjølvstendig
  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Her kan du bli bedre kjent med Ålesund: Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.  

Kontaktinformasjon

Christina Margrete Duwe, Sekjonsleiar (lege), +47 93608691, Christina.Margarete.Duwe2@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4781025904

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.03.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Sykepleier
FINN-kode
343993400
Sist endret
14. mars 2024 07:24