Tannpleiar

Arbeidsgiver
Askvoll klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Tannpleier
Frist
14.05.2024

Beskrivelse

Vestland tannhelseteneste – Askvoll klinikkområde har ledig to 100% faste stillingar som tannpleiar på Askvoll og Hyllestad tannklinikk med startdato sommaren 2024.

Askvoll klinikkområde består av Askvoll og Hyllestad tannklinikk, og Hardbakke ambuleringsklinikk. Desse klinikkane har eit tett samarbeid. Askvoll tannklinikk er ein klinikk for 3 tannlegar, 2 tannpleiarar og 3 tannhelsesekretærar. Her er det ei ledig stilling som tannpleiar. Hyllestad tannklinikk har 1 tannlege, 1 tannpleiar og 1 tannhelsesekretær. Her er det og ei ledig stilling som tannpleiar. På Hardbakke tannklinikk er det ingen fast bemanning, men personal frå Hyllestad ambulerer etter behov. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode moglegheiter for fagleg utvikling med pasientar i alle aldersgrupper, også mange vaksne pasientar fordi det er lite private tannklinikkar i området.

Askvoll ligg sentralt plassert på kysten av Sogn og Fjordane, like nord for Bergen, og er eit knutepunkt mellom land og sjø. Askvoll byr på alt det Fjord Noreg er kjent for, og strekkjer seg frå høge fjell i øst, til det vestlegaste bufaste øysamfunnet, Bulandet, i vest. Folket i Askvoll lever tett på naturen og elementa. Lyset er skiftande og vakkert, og solnedgangane magiske, heile året.

Hyllestad kommune ligg på nordsida av Sognefjorden ytterst mot havet på fastlandet, med nydeleg utsiktover fjord og hav, og innover dei mektige fjella. Det er ein liten kommune, som tilbyr bl.a. rimelege barnehageprisar og bustadtilskot til førstegongsetablerarar.

Hyllestad kommune
Bustadtilskot
Informasjon om Askvoll: VisitAskvoll
Askvoll kommune



Arbeidsoppgåver

Jobbe i førstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer.
Klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
Halde seg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste.
Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannpleiar og beherske norsk skriftleg og munnleg. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest før tilsetjing.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.

Vi søkjer deg som:
Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
Arbeidar sjølvstendig og mestrar travle dagar
Er positiv og serviceinnstilt
Har gode kommunikasjonsevner
Har gode samarbeidsevner
Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
Ynskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste

Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

Gode mogelegheiter for personleg og fagleg utvikling
Godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging av klinikkleiar og kollegaer
Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale
Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår gjennom fylkeskommunen
Ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse

Andre opplysningar

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om det er oppmoda om ikkje å bli ført offentleg søkjarliste. Om det er bedt om unntak, vil søkjaren bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Elisabet Skrede, områdeleiar tannhelse, 57638010

Arbeidsstad

Askvollvegen 395

6980 Askvoll

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4784035911

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 14.05.2024


Antall stillinger
2
Sted
Askvollvegen 395, 6980 Askvoll
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Tannhelse, Annet
FINN-kode
343983698
Sist endret
25. apr. 2024 07:59