Er du vår nye kollega?

Arbeidsgiver
Hjelmeland kommune Hjelmeland skule
Stillingstittel
Miljøarbeidar 100 % fast stilling
Frist
26.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Hjelmeland skule er ein 1. – 10. skule med ca. 220 elevar. Me ligg sentralt plassert på Hjelmeland, og tilbyr spanande arbeidsoppgåver saman med kjekke kollegaer og fantastiske barn og unge.

Me ynskjer tydelege, engasjerte og motiverte vaksne som er opptekne av å samarbeide for å skape gode lærings- og oppvekstvilkår for elevane.

Mottoet vårt er: Me gjer kvarandre gode

Me treng 2 miljøarbeidarar i 100%  fast stilling. 

Ansvar og arbeidsoppgåver
- oppfølging av enkeltelevar
- nært samarbeid med andre som arbeider på skulen
- arbeidsoppgåver er i både i skule og i SFO

Kvalifikasjonar og vilkår
- Fagarbeider innen barne og ungdomsarbeid
- Ynskjeleg med erfaring frå arbeid i skulen
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg

Me søkjer etter personar som
- har evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- kan setje seg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne seg ny kunnskap     

Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale

Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Anna
- målform i Hjelmeland kommune er nynorsk

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.

Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Ramsbu 11, 4130 Hjelmeland
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
343969345
Sist endret
13. mars 2024 02:18