Trainee sjukepleiar

Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Trainee sjukepleiar
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med på å forme framtidas helsevesen? Vi er i gong med å bygge nytt fellessjukehus, og ønskjer å fylle dette med dei beste folka. Vil du vere med oss på denne reisa?

Vi har no ledige faste stillingar som trainee sjukepleiar. Stillingane er i todelt turnus med jobb kvar 3. helg som hovudregel. Her er det store mogelegheiter for personleg tilretteleiing av arbeidstid og val av stillingsstørrelse. Dette er stillingar kor du vil tilegne deg god kunnskap og kompetanse som sjukepleiar.

Ønskjer du ein spennande og utfordrande jobb der ingen dagar er like? Vi er i kontinuerlig endring for å møte krava som blir stilt til oss. Hos oss er vi derfor opptatt av eit sterkt sjukepleiefag slik at vi kan yte sjukepleie med god kvalitet til det beste for pasientane. Her vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø og jobbe tett saman med engasjerte kollegaer. Vi har stort fagleg fokus og er opptatt av å bruke riktig kompetanse på rett stad. Både helsefagarbeidarar og sjukepleiarar jobbar i team saman for å sikre pasientane best mogleg behandling og oppfølging. Vi har ei nytilsett leiing og fagsjukeplaiar som er i gong med å etablere ein ny kurs for avdelinga. Og vi ønskjer oss fleire gode sjukepleiarar som vil vere med på å forme framtidas helsetenester!

Traineeforløpet inneber:
- Kompetanseutviklingsprogram med fagdagar spesielt for traineesjukepleiarane
- Fagleg og organisatorisk breddekompetanse
- Internundervisning på seksjonane
- Mentorordning; traineesjukepleiar får oppfølging og veiledning av erfaren sjukeplaiar på sengeposten

Dei to første åra av tilsettinga, vil du gå eit traineeforløp. Heile forløpet starter med felles introduksjon og kursdagar for traineene. Innan traineeforløpet vert det arrangert eigne fagdagar med fokus på å byggje brei og god kompetansen innan både fag og organisasjon. I tillegg følgjer traineesjukepleiarane eit eige forløp med sjukepleiefagleg rettleiing med mentor. 

Medisinsk sengepost består av 30 senger med eit høgt aktivitetsnivå. Vi har høg fagleg kompetanse, og kan tilby eit trygt og erfarent arbeidsmiljø. Sengeposten består av fire fagseksjonar:
- Hjerte og lunge
- Gastrologi og endokrinologi
- Geriatri, slag og nyresjukdommar
- Kreft, blodsjukdommar og palliasjon

Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. Det nye akuttsjukehuset har kort reiseveg frå Kristiansund. På veg mot nytt sjukehusbygg skal vi saman utvikle ein arbeidsplass som skal ivareta både pasientane, pårørende og tilsette. Arbeidsstad p.t.er ved Kristiansund sjukehus. Etter to år som trainee, vil du framleis vere tilknytta Klinikk SNR og fast tilsetting ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR).
Når det nye akuttsjukehuset står ferdig på Hjelset, blir det din nye arbeidsstad.



Arbeidsoppgåver

- Ivareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane

- Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåver

- Legemiddelhåndtering

- Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar

- Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik

- Samhandling med kommunar 

Kvalifikasjonar

- Norsk autorisasjon som sjukepleiar

- Må beherske norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

- Du er ansvarsbevisst og strukturert

- Du har eit fagleg engasjement

- Du ønskjer deg faglege utfordringar og variasjon i arbeidet

- Du viser fleksibilitet og evne til omstilling

- Du er ein god teammedarbeidar

- Du har gode kommunikasjonsferdigheter

- Du er positiv og har gode haldningar

- Du er opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid på høgt nivå
  • Ein inkluderande arbeidsplass med positivt og godt arbeidsmiljø
  • Fagdagar fast i turnus
  • Opplæring med fagsjukepleiar og eigen mentor
  • Medvirkning til eigen turnus
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Rekrutteringsstillegg 25000,-
  • 2 års bindingstid
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Beate Eilen Svanemsli Lyngvær, Seksjonsleiar, +47 97613848

Arbeidssted

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4783318578

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
343957033
Sist endret
13. mars 2024 01:52