Ledige barnehagelærar stillingar i Rabben barnehage

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Rabben barnehage
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Stilliingar i Rabben barnehage

  • 100% fast stilling som barnehagelærar
  • 40% fast stilling som barnehagelærar
  • 100% vikariat som barnehagelærar fram til 01.01.25.

Stillingane er ledige frå 1. august 2024 

Rabben barnehage er ein 5 avdelings barnehage med 70 barn/102 plassar, som ligg på Eide i Odda, nær den vidaregåande skulen, ungdomsskule og Odda stadion. Hovden naturområde ligg like ved. Barna skal oppleva tryggleik, trivsel, glede, leik, fellesskap, meistring og læring i barnehagen vår!

Me nyttar heile nærområdet vårt som ein del av barnehagetilbodet. Barnehagen har mange faste turplassar og områder som vi brukar til leik, læring og kunnskapsbygging om byen og naturen vår. 

Arbeidsoppgåver: 

Som pedagogisk leiar har du ansvar for 

  • barna sin trivsel og utvikling i det daglige arbeidet med barna.

  • å planleggja, tilretteleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga i samsvar med gjeldande lovverk

  • å medverka til eit godt arbeidsmiljø 

  • å leggja til rette for eit godt foreldresamarbeid.

  • å vurdera avdelingen sine samla ressursar; som medarbeidarens kvalifikasjonar, tid ein har til disposisjon, barnehagens fysiske rammebetingelsar og barnegruppas forutsetningar.

  • at barn med spesielle behov vert integrerte i barnehagen, og har nytte av barnehagetilbodet 

  • gje pedagogisk rettleiing på avdelinga 

  • tverrfagleg samabeid med ulike instansar

 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning: Barnehagelærerutdanning, andre søkarar kan og bli vurdert om dei har relevant erfaring, og viser interesse for arbeidet.

  • Erfaring er ynskjeleg

  • Evne til å jobba målretta, sjølvstendig og systematisk

  • Digitale kunnskaper

  • Personlege eigenskapar- og interesse for faget vert sterkt vektlagt.

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

  • Krav om politiattest ikkje eldre enn 3 mnd

  • Godkjent tuberkulinstatus

 

Personlege eigenskaper:

  • Evne til å sjå og skapa god relasjon til alle barna

  • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet

  • Evne til refleksjon, gjera vurdering og setje inn tiltak til det beste for barna

  • Evne til å arbeida sjølvstendig

  • Evne til å samarbeida

  • God kommunikasjon, få og gi tilbakemelding

  • Evne til å arbeida målretta og strukturert

  • Løysningsorientert

  • Fleksibel og kreativ

  • Robust

  • Godt humør og positiv innstilling


Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Rekrutteringsavtale

    • etter 1 år som barnehagelærar får ein utbetalt kr 30.000,-

    • etter 2 år som barnehagelærer får ein nye 30.000,-

  • Pedagogisk leiar tillegg: kr 36.000,-

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
343874937
Sist endret
13. mars 2024 08:56