Inaktiv

Sesongmedarbeidar til turistinformasjonen i Jondal

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Innbyggjar og internservice
Frist
01.05.2024

Beskrivelse

Sesongmedarbeidarar til turistinformasjonen i Jondal

 

Har du lyst på ein kjekk jobb i sommar? På turistinformasjonen i Jondal søkjer me deg som ønskjer å hjelpe turistar med informasjon om Ullensvang og som vil bidra til at turistane kjenner seg velkomne i Jondal og i kommunen. 

 

I denne vertskapsrolla må du ta godt imot turistane og kunne formidle informasjon om området på engelsk og norsk både i person, på telefon og på e-post. 

 

Me søkjer deg som: 

  • Er serviceinnstilt og profesjonell i møtet med turistar. 

  • Er god i engelsk og norsk både munnleg og skriftleg. 

  • Har god kjennskap til Jondal og områda rundt. 

  • Er ansvarsfull, sjølvstendig og lærevillig. 

  • Er over 18 år. Søkjarar over 16 år kan vurderast. 

 

I Jondal ligg turistinformasjonen på kommunehuset, “Blåhuset”. 

 

Det er størst behov for sesongmedarbeidarar juni til august. Arbeidstid vil vera mellom kl. 10-17. Arbeid minst kvar 3. helg. 

Me ber om at du i søknaden spesifiserer kva tidsrom du kan jobbe i. 

 

Løn etter tariff. 

 

Me handsamar søknadar fortløpande. 

 

Velkomen som søkjar!

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Kundeservice, Annet, Kontor og administrasjon
FINN-kode
343871181
Sist endret
13. mars 2024 08:45