Ferievikarar

Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Stillingstittel
Ferievikarar pleie- og omsorgsstenesta
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Vil du bruka sommaren til å skaffe deg verdfull praksis? Kan ein sommarjobb i Tysnes kommune vere noko for deg? Me treng ferievikarar for sjukepleiarar, vernepleiarar, fagarbeidarar, assistentar med fleire, innan pleie og omsorg.

Me kan tilby ein spanande og gjevande sommarjobb med menneske i alle aldersgrupper og med ulike hjelpebehov innanfor fylgjande område: heimesjukepleie, heimehjelpstenesta, Tysnes omsorgssenter, innan pleie, reinhald og kjøkken, og i bufellesskap for utviklingshemma (vaksne brukarar).

Tilsetjing blir gjort fortløpande, så me oppmodar deg om å søkja snarast. Du må vere fylt 18 år, og kunne arbeide minst 4-6 samanhengande veker, i perioden veke 25 - 32, fortrinnsvis vekene 27 - 30.

Som ferievikar hos oss, styrkjer du også dine moglegheiter til å jobbe som vikar elles i året, og me ber om at du seier noko om interessa di for dette i søknaden. Attestar og vitnemål kan leggast ved søknad eller leggast fram på intervju.



Arbeidsoppgåver

Ferievikarar utfører arbeidsoppgåver innan dei ulike områda, i samsvar med kompetanse og erfaring. Det vil bli gitt naudsynt introduksjon og opplæring i verksemda.

  • Yte helse- og omsorgstenester
  • Ivareta brukarane sine fysiske, psykiske og sosiale behov etter individuelle planar
  • Dokumentasjon i fagsystem
  • Turnusarbeid med arbeid på helg, helst kvar 2.helg

Me har behov for ferievikarar som kan tenke seg å arbeide både dag, kveld og natt.

Kvalifikasjonar

Me søkjer etter ferievikarar med ulik utdanningsnivå og kompetanse:

  • Sjukepleiar/vernepleiar
  • Helsefagarbeidar / hjelpepleiar / omsorgsarbeidar
  • Assistentar
  • Kjøkkenpersonale

Felles for stillingane er at det er ynskjeleg med erfaring frå brukargruppa og at ein har gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg. Innan heimetenesta er det krav om sertifikat kl. B. Dersom du får tilbod om stillinga og takkar ja er det krav om politiattest jf Helse og omsorgstenestelova § 5-4.

Personlege eigenskapar

  • Engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeide med menneske
  • Har evne til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til å ta ansvar, jobbe sjølvstendig i kombinasjon med å vere ein lagspelar
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Faglege og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å auke eigen kompetanse innan ulike fagområder
  • Opplæring tilpassa den aktuelle avdeling du skal arbeide på
  • Eit triveleg og tverrfaglig arbeidsmiljø
  • Lønn etter gjeldande hovudtariffavtale
  • Stillingsstorleik vil variere, men me vil forsøke å gje ferievikarar så stor stilling som mogleg opp mot 100 %

Kontaktinformasjon

Margrete Klemmetsby, Einingsleiar open omsorg, 95 70 95 13

Benedicte Lundevold, Avdelingsleiar Vågsmarka bufellesskap, 97 64 89 65

Arbeidssted

Rådhuset

5685 UGGDAL

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Tysnes kommune



Referansenr.: 4783586580

Stillingsprosent: 100%

Sommarjobb

Søknadsfrist: 28.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Rådhuset, 5685 Uggdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
343862686
Sist endret
23. apr. 2024 07:59