Inaktiv

Fagarbeidar Tømrar

Arbeidsgiver
Drift avdelinga - Bygland kommune
Stillingstittel
Fagarbeidar Tømrar
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eining for drift og forvaltning består i dag av 18,5 årsverk, fordelt på veg, vatn, avlaup, bygg - og eigedom og  ei avdeling for reinhaldstenester.

Eininga har vidare saksansvaret for landbruk, klima / miljø, natur - og utmarksforvaltning. Ulike investerings - og prosjektoppgåver innan fagområda ligg og til eininga.   
Einiga hat ansvar for ein bygningsmasse på omlag 70 bygningar på ulike nivå når det gjeld drift, vedlikehald og investering. Dei mest avanserte og og viktigaste bygga er Byglandsheimen, Bygland og Byglandsfjord oppvekstsenter og diverse tekniske anlegg som VA - bygg, idrettshallar og servicebygg av ulike slag. Kommunen har også ei portefølgje av veg - og grøntanlegg m v å ivaretake.

Me har no ledig fast stilling som fagarbeidar/tømrer i 100 %

Vi tilbyr

  • Eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med moglighet for personleg og fagleg utvikling. 
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
  • Flotte uteområde med kort veg til fjord og fjell.
  • Pensjonsordning gjennom KLP, samt god personal- og skadeforsikringsordning.
  • Lønn iht. gjeldane tariff.
  • Vilkår elles i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og regulativ.

    Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at søknaden får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil varslast dersom oppmodinga ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25).



Arbeidsoppgaver

  • Stillinga vil bidrage i arbeidsoppgåver relatert til kommunale bygg og anlegg og prosjekt relatert til dette.
  • Det må påreikne at arbeidsdagen vil innehalde mange ulike gjeremål utifrå eininga sitt behov på alle ansvarsområda i samråd med driftsleiar.
  • Delta i gravferdsteneste, plenklypping, måling, kommunale vegar, vegetasjonsrydding m m. Arbeidet kan til tider vere fysisk krevjande. 

Kvalifikasjoner

  • Fagbrev som tømrar med relevant praksis er ein føremon. Relevant praksis og / eller kompetanse som kan relaterast til tømrerfaget som t d byggdrifterfag vil også vere relevant fagkompetanse. 
  • Sertifikat C1 og BE, og evt maskinførarbevis
  • Du må vere viljug til å måtte inngå i teknisk vaktordning
  • Du må beherske IKT-verktøy som brukast i kommunen og vere positiv til å lære og arbeide med ulike digitale verkty som nyttast av arbeidsgjevar for effektiv drift.
  • DU må kunne disponere eigen bil i teneste . 

Personlige egenskaper

  • Fleksibel, løysingsorientert og har godt humør
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
  • Må kunne jobbe sjølvstendig, strukturert og saman med andre.   
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt.

Kontaktinformasjon

Kjell Øyvind Berg, Leder/Virksomhetsleder, +4791863403

Arbeidssted

Sentrum 18

4745 Bygland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bygland Kommune



Referansenr.: 4781483890

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sentrum 18, 4745 Bygland
Stillingsfunksjon
Håndverker, Håndverker / Snekker/Tømrer, Annet
FINN-kode
343843241
Sist endret
13. mars 2024 07:16