Karriere i Helse Bergen? Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Faste stillingar som sjukepleiar ved somatiske avdelingar
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar.

Stillingane ved den enkelte avdelinga kan du som har autorisasjon og du som får autorisasjon innan sommaren søke. 

Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane: Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet og du finn meir info lenger nede i annonsa. 

  • Mottaksklinikken, Akuttposten
  • Lungeavdelinga; Post 1, Post 3   
  • Hovud/hals og augeavdelinga
  • Øyre-nase-hals poliklinikk
  • Nevroklinikken,Spinaleininga/ Neuro- SysMed
  • Kirurgisk klinikk, post 3 gastrokirurgi
  • Hud og revmatologisk sengepost/ Revmatologisk poliklinikk, Infusjonspost
  • Hud poliklinikkHud og revmatologisk sengepost
  • Kvinneklinikken, Gynekologisk sengepost


Oppgi i søknad kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Du må legge inn 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke. 

Oppstart i stillinga vil vere frå snarast eller frå sommaren etter avtale med den einskilde eininga. Du må pårekne å jobbe samanhengande 4-6 veker i perioden vekene 26-33/34.



Arbeidsoppgåver

Mottaksklinikken, Akuttposten tar imot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp etter inntak av rusmidlar eller som har abstinens med behov for medisinsk overvaking. Posten er ei av fem einingar ved Mottaksklinikken ved Haukeland universitetssjukehus, og har 10 enkeltrom. Vi tar i mot pasientar frå heile Helse Bergen, og har inga aldersgrense. Liggjetida er maksimalt 48 timar. I den akutte behandlingskjeda inngår også avrusingsplassar på Skuteviksklinikken ved Stiftelsen Bergensklinikken og/eller stabilisering ved Stabiliseringsposten ved Avdeling for rusmedisin, seksjon Askøy. Tiltredelse frå snarast eller etter nærare avtale. 
Kontakt: Kristine Faugstad-Kaldestad, Tlf. 93214342

Lungeavdelinga er mellom dei største lungemedisinske einingane i landet og er leiande innan pasientbehandling, utdanning og forsking i lungemedisin. 
Lunge post 1 har kombinert funksjon med sengepost og respiratorisk overvaking (ROE). Av totalt 16 senger er inntil 8 tiltenkt pasientar som treng respiratorisk overvaking og pustehjelp (BiPAP/heimerespirator). Hovudgruppa av pasientar er kols, respirasjonssvikt, lungebetennelse.
Lunge post 3 er ein sengepost med 22 sengeplassar. Avdelinga greier ut og behandlar i hovudsak pasientar med lungekreft, lungeinfeksjonar, KOLS og pasientar med cystisk fibrose. I tillegg har avdelinga eige luftsmitteisolat til pasientar med tuberkulose.  
Kontakt: Lunge 1: Lillian Hopland, Tlf. 55973552   Kontakt: Lunge 3: Sandra S. Hansen, Tlf. 55973533

Hovud/hals og auge avdelinga er ein kirurgisk sengepost og høyrer til Klinikk for hovud/hals. Posten har inneliggande pasientar med mange varierte diagnosar i auge, kjeve og øyre-nase-hals. Posten har 27 senger og pasientar over 18 år. Klinikken har regionalt behandlingsansvar for kreft i hovud-hals i samarbeid med Kreftavdelinga. 
Kontakt: Kjersti Walde, Tlf. 55973509/ 98423714

Øyre-nase-hals poliklinikk er ein aktiv poliklinikk som behandlar både elektive og øyeblikkelig-hjelp-pasientar. Utgreiing, behandling og kontroll av pasientar blir utført både i team med andre yrkesgrupper, og ved sjølvstendige sjukepleiekonsultasjonar. VI har også noko dagkirurgisk småkirurgi ved poliklinikken. I tillegg blir mange pasientar med søvnapnè utgreidd og behandla. Personleg egnethet vil bli vurdert. Arbeidstid 08.00-16.00 måndag til fredag. 
Kontakt: Marius Aastvedt Pallesen, Tlf. 55970934

Nevroklinikken har ledig stilling ved Nevroklinikken, for tida delt mellom Spinaleininga og forskingseininga Neuro-SysMed. 

Spinaleininga har 12 senger og tar i mot ryggmargsskadde pasientar frå Helseregion Vest til primærrehabilitering og livslang oppfølging. Pasientane har skadar i rygg/nakke, som fører til ulike lammingar og funksjonstap. Vi tar i mot både nyskadde og pasientar til oppfølging.  

Neuro-SysMed er eit NFR finansiert forskningssenter for klinisk behandling innan nevrologi og du vil vere med å planlegge og gjennomføre klinisk studier for pasientar med Parkinsons sjukdom. Søkarar må meistre norsk og engelsk munnleg og skriftleg. 
Kontakt: Hege Storlid, Tlf. 93051019

Kvalifikasjonar (overskrift)

Kirurgisk klinikk, post 3 gastrokirurgi er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 18 (20) senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Det er ein svært lærerik post, med eit godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer. Avdelinga har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid.  Vi søker deg som er sjukepleiar med relevant sjukehuserfaring.  
Kontakt: Marit Aarnes, Tlf. 55973599/ 95990023

Hud og Revmatologisk sengepost/ Revmatologisk poliklinikk, Infusjonspost har ledig kombinasjonsstilling som sjukepleiar med delt arbeidsstad 70/30 sengespost og infusjonspost. Arbeidstida på sengeposten består av 3 delt turnus, men hovudtyngda av vakter er for tida på dag og aften. Der er gjennomsnittleg arbeid kvar 3 helg. Arbeidstida på poliklinikk, Infusjonspost er dagarbeid.

Hud- og revmatologisk sengepost er den einaste sengeavdelinga for hudpasientar på Vestlandet og revmatologisk avdeling har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar med revmatiske sjukdommar i Hordaland. Vi tilbyr pleie,
rehabilitering, førebygging og opplæring av pasientar og
pårørande. Det er både elektiv
verksemd og ØH-hjelp. Revmatologisk poliklinikk, Infusjonspost har ansvar for oppfølging av
pasientar med Revmatologisk sjukdommar i helseregion. Vi jobbar tverrfagleg med
fleire yrkesgrupper. Vi tilbyr eit godt fagleg og kollegialt miljø. 
Kontakt: Hud og Revmatologisk: sengepost Nina Alsaker Bergsvik, Tlf. 55973944   Kontakt: Revmatologisk poliklinikk: Kristin Selseng Soltveit, Tlf 55973794

Hud poliklinikk/ Hud og Revmatologisk sengepost har ledig kombinasjonsstilling som sjukepleiar med delt arbeidsstad 50/50 poliklinikk og sengepost. Arbeidstida ved sengeposten er gjennomsnittleg kvar 3 helg og består av 3 delt turnus, men hovudtyngda av vakter er for tida på dag og aften. Vanleg arbeidstid i poliklinikken er kl. 07.30 - 15.30 måndag - fredag, nokre vakter til kl. 16.30/17.00. Turnus vil bli laga med kontinuitet både på sengepost og poliklinikk og det vil bli gitt god opplæring. 

Hud poliklinikk inkluderer dagpost og poliklinikk for seksuelt overførte infeksjonar. Hovudoppgåvene er å diagnostisere og behandle hudsjukdommar og seksuelt overførte infeksjonar. Dei vanlegaste hudsjukdommane er psoriasis, eksem, allergiske sjukdommar, blemmesjukdommar, hudkreft og kroniske sår. Arbeidsoppgåver er behandling, førebygging og opplæring av pasientar og pårørande. Avdelinga driv undervisning og er engasjert i ulike forskingsprosjekt. 
Kontakt: Hud og revmatologisk sengepost: Nina Alsaker Bergsvik, Tlf 55973944   Kontakt: Hud poliklinikk: Trude Gildestad, Tlf 55974037

Kvinneklinikken, Gynekologisk sengepost gir behandling til kvinner med ulike gynekologiske sjukdommar. Behandling og oppfølging blir tilrettelagt i samarbeid med den enkelte kvinne. Vi tar imot kvinner med kreft i underlivet. Hos oss får du tilbod om utgreiing, diagnostisering, operasjon og eventuell etterbehandling. Hos oss vil du få individuell informasjon, oppfølging og behandling.
Kontakt: Ann-Josefin Olafsen-Bakke, Tlf. 47368228

Du må: 

  • Ha eller vil få norsk autorisasjon etter endt utdanning vår/sommar 2024
  • Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
  • Ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
  • Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa 

Vi tilbyr deg: 

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillingane

Linda Røthe Ystanes, Rådgivar, linda.rothe.ystanes@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4782844296

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
343831511
Sist endret
16. mars 2024 06:56