Vil du være med å rydde veg?

Arbeidsgiver
Suldal kommune Teknisk drift
Stillingstittel
Fagarbeidar vegvedlikehald
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me jobbar for at vegane våre skal være trygge og godt vedlikehaldne, difor har me behov for ein fagarbeidar på laget til å jobbe med vedlikehald av  kommunale vegar og anna infrastruktur som teknisk drift har ansvar for.

Teknisk drift avd vegvedlikehald har nå ledig 100% fast stilling som fagarbeidar med oppstart 01.08.24 eller etter avtale.

Om eininga

Teknisk drift jobbar med reinhald, drift og vedlikehald av bygg, grøntanlegg, vatn og avløp, vegar, bruer og kaiar. Me har heile kommunen som arbeidsplass og oppgåvene er varierte – og ikkje minst blir me påverka av utfordrande natur. Til saman er me om lag 75 tilsette i store og små stillingar.

Korleis kan du lukkast og trivast hos oss? 

Om du likar variert fysisk arbeid, der ein stor del av arbeidet føregår ute trur me at du vil ha det kjekt hjå oss. Er du ivrig på å få ting gjort, og sjå resultat av arbeidet me utfører for innbyggarar og brukarar trur me du vil trivast.

Kva kan me tilby som arbeidsplass?

  • Unike ordningar for kompetanseutvikling og utdanning. Vil du utvikla deg i ein retning, og me deler draumen din – er me gjerne med og støttar deg på vegen.
  • I Suldal kommune er det sjølvsagt betalt lunsjpause.
  • Me har eit aktivt velferdsutval som fleire gongar i året arrangerer felles aktivitetar og samlingar.
  • Me er opptatt av å vera i stadig utvikling og er stolte av å kalla oss ein LEAN-kommune. Hos oss får du høve til å vera med å skape framtidas Suldal.
  • Fagleg utvikling skjer sjeldan aleine. Me er opptatt av å læra av kvarandre og legg opp til at det skal vera aktive og gode fagmiljø rundt våre tilsette.
  • Stillinga blir plassert under stillingskode 7517 - Fagarbeidar, med løn etter tariff.
  • Det er mange andre godar ved å arbeida hos oss, trykk på denne lenka for å lese meir om dei. https://www.suldal.kommune.no/bu-og-jobba-i-suldal/

 Kva gjer ein fagarbeidar i Suldal kommune?

  • Hovudoppgåva vil være arbeid med drift og vedlikehald kommunale vegar og infrastruktur.
  • I løpet av året vil mellom anna være soping, kantslått, mindre gravearbeid, brøyting og generelt vedlikehald på bruer, vegar og kaiar.
  • Bruke dei maskinane og utsyret me har tilgjengeleg for å utføre arbeidet.
  • Samarbeide med og følgje opp innleigde entreprenørar.
  • Ta del i andre oppgåver i tråd med eininga sitt behov
  • Mogleg deltaking i kommunal vaktordning innanfor vatn og avløp
  • Andre arbeidsoppgåver i tråd med eininga sitt behov 

Kven søkjer me?

Me søkjer deg som ynskjer å ta i eit tak, ser løysingar og kan arbeide sjølvstendig. I stillinga må du kunne samarbeide med andre og være oppteken av HMS.

Me stiller krav om;

  • Fagbrev innan bygg og anlegg/mekaniske fag.
  • Førarkort B/BE, C og kranførarbevis.
  • Maskinførarbevis (min M2) og dokumentert erfaring frå maskinkøyring.
  • Kunne bruke data som eit dagleg arbeidsverktøy
  • Me nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon i Suldal kommune. Er nynorsken litt rusten? Ikkje la vera å søk! Me hjelp deg med å friske opp kunnskapane.

 Andre opplysningar

  • Me etterspør dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold ved innkalling til eit eventuelt intervju. Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg til søknaden
  • Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett må ta kontakt med Organisasjon og innbyggarkontakt på tlf 52 79 22 00

Suldal kommunen gjer merksam på at søkjarlistene kan vera offentleggjorde.

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Sandsvegen 122/Garaneset 38, 4230 Sand
Stillingsfunksjon
Annet, Teknisk personell, Håndverker
FINN-kode
343827476
Sist endret
13. mars 2024 07:05