Inaktiv

Miljø- og fagarbeider, verksbetjent

Arbeidsgiver
Bergen fengsel
Stillingstittel
Miljø og fagarbeider, verksbetjent
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Vi søkjer engasjert og sosial medarbeider 

Et av hovudmåla i kriminalomsorga er at alle innsette skal ha eit  aktivitetstilbod.

Tilbodet skal gje dei innsette sosialt fellesskap, sysselsetjing, aktivitet og meistringskjensle. Aktivitetane skjer inne og ute.


Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein som har evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konfliktløysing. Du skal vere ein samtalepartnar og rettleiar og delta i målretta fagleg kvalifiseringsarbeid med innsette.

  • leie og delta i aktivisering, opplæring, oppfølging og rettleiing av innsette
  • ta initiativ og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette, og arbeide etter miljøterapeutiske prinsippar
  • være ein god rollemodell

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.


Utdanning og erfaring

Du må ha

  • fagbrev og relevant erfaring
  • anna utdanning og relevant erfaring kan erstatte krav om fagbrev
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy

Det er ønskjeleg at du har

  • erfaring med mennesker som har ulike utfordringar
  • erfaring med handverk

Den som blir tilsett, må vere villig til å gjennomføre kriminalomsorga si utdanning som verksbetjent. Utdanning vert betalt av arbeidsgjevar.


Personlege eigenskapar
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konfliktløysing
  • evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk 
  • like å jobbe med mennesker med ulike utfordringer i ein vanskeleg livssituasjon
  • tenkje kreativt og finne passande aktivitetar 
  • du må vere tolmodig, ansvarsfull og fleksibel og ha evne til å motivere andre
  • pågangsmot og gjennomføringsevne
  • evne til å handtere stress og krevjande situasjonar
  • lojalitet og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø

      personlege eigenskapar som passer til stillinga vert vektlagt


Vi tilbyr
  • meiningsfulle oppgaver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons- og forsikringsordninger i Statens pensjonskasse
  • arbeidsuke mandag til fredag, på dagtid
  • gratis parkering, bedriftshelsetjeneste, kantine, velferdslag og treningstilbod  

Stillinga har stillingskode/tittel 0275 verksbetjent og blir løna 
fra kr. 443 000 – 557 100 avhengig av kvalifikasjonar.
Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til verksmeistar Anders Bjerke tlf. 55393720.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


Sektor
Offentlig
Sted
Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Annet, Helsepersonell
FINN-kode
343827329
Sist endret
12. mars 2024 08:21