Sjukepleiar og vernepleiar. Faste stillingar ved Psykiatrisk klinikk

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sjukepeleiar og vernepleiar. Faste stillingar ved Psykiatrisk klinikk
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Psykisk helsevern.

Psykisk helse angår alle. Nesten halvparten av oss vil i løpet av livet oppleve lettare eller tyngre psykiske lidingar. Divisjon psykisk helsevern skal tilby utgreiing, behandling og rehabilitering til barn, unge og vaksne som blir tilvist til ein av våre sju klinikkar. Behandlingstilbodet vårt omfattar akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tenester. 

Oppgi i søknaden i prioritert rekkefølge kva avdeling(ar) du søker. Stillingane har pt. 2 delt turnus (dag og kveld) og kvar 3 helg. I sommarperioden kan det bli aktuelt med 3 delt turnus. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke. 
 
Det er ledig 100% faste stillingar ved Psykiatrisk klinikk, pt. ved desse avdelinganeDu kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet og du finn meir info lenger nede i annonsa.

* Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS)
* Avdeling spesialisert psykosebehandling, Seksjon S4
* Psykiatrisk akuttmottak, PAM2

Oppstart i stillingane vil vere frå sommaren eller etter nærare avtale med avdelinga. Du må kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioden veke 25/26 - 32/33. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på navnet. 

For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.



Kvalifikasjonar (overskrift)

Seksjon kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) er ein seksjon for rehabilitering av personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar. Vi jobbar i tverrfaglege team beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.Den nye seksjonen har p.t. 9 døgnplassar og er organisert i to grupper. Den eine gruppa skal gi tilbod til personar som har kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklings-forstyrring, den andre gruppa psykoseliding med kompliserande tilstandar. Seksjonen skal drive rehabilitering til bustad og dagleglivets aktivitetar og utfordringar i eit samarbeid med innsøkande instansar og dei kommunale tenestene.
Kontakt: Susanne Karlsen, Tlf. 55958630

Akutt psykose S4 er ein akutt, lukka post med 12 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Opgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelingane er  spennande og utfordrande arbeidsplassar med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: Anja marie Engh, Tlf. 55958745

Psykiatrisk akuttmottak PAM2 gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. På sengeposten (PAM) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Posten er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. På sengeposten får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Vi jobbar tverrfagleg og hos oss treff du psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest.
Kontakt: Urd Hege Loftesnes, Tlf. 93485950

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten

Kvalifikasjonar

  • Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar etter endt utdanning
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Må meiste norsk skriftleg og munnleg 

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillingane

Wenche Antonsen Larsen, Kontakt i Bemanningssenteret, wenche.antonsen.larsen@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4782958962

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
343822704
Sist endret
22. mars 2024 01:53