Inaktiv

Kateket i Haram

Arbeidsgiver
Haram Kyrkjelege Fellesråd
Stillingstittel
Kateket i Haram
Frist
25.05.2024

Beskrivelse

Det er ledig 100% fast stilling som kateket i Haram kyrkjelege fellesråd.

I Haram er det 6 kyrkjer og 5 sokn. Kommunen ligg ved kysten og inkluderer 4 øyer; Lepsøy, Haramsøy, Longva og Fjørtoft, som no er landfaste gjennom Nordøyvegen. På fastlandet ligg tettstadane Vatne, Brattvåg og Søvik. Kyrkjekontoret er i Brattvåg, 40 km frå Moa, 50 km frå Ålesund og 50 km frå Vigra flyplass.

Haram kommune har omlag 9300 innbyggarar og er ei av dei store industrikommunane på Sunnmøre. Her er eit rikt idretts- og kulturliv med stor aktivitet innan m.a kor, korps og teater. Fjord, fjell og nydeleg natur gir mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Kyrkjestaben i Haram har 3 prestar, 2 organistar, kyrkjelydspedagog, diakon og kateket.

Vår kateket gjennom mange år går av med pensjon hausten 2024, og det blir derfor ledig ei 100% stilling som kateket med oppstart 1.august eller etter nærmere avtale. Om det er ønskeleg kan stillinga reduserast til 80%.



Arbeidsoppgåver

  • Hovudansvar for kyrkjelydane si undervisning og opplæring for barn og unge.
  • Delta i plan- og utviklingsarbeid for trusopplæring for alle døypte i alderen 0-18 år
  • Koordinere og leie kyrkjelydane sitt konfirmantarbeid.
  • Delta i planlegging og gjennomføring av gudstenester der konfirmantar, ungdom og barn er målgruppa
  • Følge opp frivillige medarbeidarar i trusopplæringsutvala
  • Ansvarleg for kyrkjelydane sitt skule-/barnehage og kyrkjesamarbeid

Kvalifikasjonar

  • Utdanning i samsvar med Tenesteordning for kateketar i Den norske kyrkja.
  • Søkjarar som har utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk eller anna relevant utdanning vil også bli vurderte.
  • Erfaring frå barne- og ungdomsarbeid i kyrkjelyd er ønskeleg.
  • Søkjarar må vere medlem i Den norske kyrkja, og arbeide etter kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag.

Personlege eigenskapar

  • Engasjement for arbeid med undervisning og formidling til barn og unge.
  • Gode pedagogiske og administrative evner.
  • God på formidling, kommunikasjon og relasjonsbygging.
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team, og til å leie andre, både tilsette og frivillige.
  • Raus og inkluderande.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Anna:

  • For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
  • Den som får tilbod om stillinga, må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynsamfunn §20.

Vi tilbyr

  • For stillinga gjeld reglement og tariffavtalar i kyrkjeleg sektor. Pliktig pensjonsordning i KLP, 2% av løna vert trekt i pensjonsinnskot.
  • Lønn ut frå kvalifikasjonar og i tråd med tariffavtalen. Moglegheit til å drøfte stillingsprosent.

Søknadsfrist 20.april 2024
Tiltreding 1.august eller etter avtale
Kontakt: Kyrkjeverge Jarle Løken 975 49 559

Kontaktinformasjon

Jarle Løken, Kyrkjeverge, +47 97549559

Arbeidssted

Årsundvegen 11

6270 BRATTVÅG

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Haram Kyrkjelege Fellesråd



Referansenr.: 4780327052

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Årsundvegen 11, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
343820900
Sist endret
23. apr. 2024 01:20