Lærar i teknologi og industrifag

Arbeidsgiver
FLO - FLORA VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar i teknologi og industrifag
Frist
02.04.2024

Beskrivelse

Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er omlag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for ungdom og vaksne. Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no. 
Frå 010824 har vi ledig stilling som lærar i teknologi- og industrifag. Søknadsfrist 24.03.24

Arbeidsoppgåver

Undervisning i programfag på VG1 teknologi- og industrifag og VG2 Industriteknologi. Det kan og vere interessant med kompetanse innan transport og logistikk. Stillinga kan verte tillagt kontaktlæraroppgåver.



Kvalifikasjonar

Fagbrev innan relevante fagområde, samt arbeidserfaring. Kjennskap til lokalt næringsliv er ønskjeleg. Teknisk fagskule eller ingeniørhøgskule, eventuelt godkjend yrkesfaglærarutdanning. God og oppdatert kjennskap innan HMS, kvalitet og dokumentasjon. 

Søkjarar utan formell undervisningskompetanse (fagleg og pedagogisk) kan tilsetjast på villkår om å fullføre slik utdanning innan nærare gjeve frist. Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein medarbeidar som:

  • likar å arbeide med ungdom vaksne under utdanning og er ein god rollemodell
  • er oppteken av å skape eit trygt og godt læringsmiljø og som framstår som ein tydeleg leiar i klasserommet/verkstaden. Som lærar må du vere besvisst ansvaret som ligg i å leie arbeidet for elevane, og legge til rette for deira utvikling og dermed kvaliteten på opplæringa.
  • Evne og vilje til å planlegge, gjennomføre og å evaluere undervisninga både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Kunne arbeide strukturert og systematisk
  • Du må og vere nysgjerrig på fag- og teknologiutviklinga innan sektoren

Vi tilbyr

Lønn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Merk at alle stillingar ved skulen vert utlyst med atterhald om at utlyst tilbod vert igongsett. Dette vert avklara før tilsetting. Søknadsfrist 02.04.24.
For meir informasjon om stillinga kontakt avdelingsleiar og handverk- og industrifag Ole Hennøy tlf 91 87 27 26.

Kontaktinformasjon

Ole Hennøy, Avdelingsleiar, 91872726, ole.hartvik.tonheim.hennoy@vlfk.no

Arbeidsstad

Professor Gjeldsviksv 22

6900 FLORØ

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4783015100

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.04.2024


Sted
Professor Gjeldsviksv 22, 6900 Florø
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
343741912
Sist endret
20. mars 2024 10:34