Lærar - Elektro og datateknologi VG1 og VG2 El-energi og ekom 

Arbeidsgiver
FLO - FLORA VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar - Elektro og datateknologi VG1 og VG2 El-energi og ekom
Frist
02.04.2024

Beskrivelse

Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er omlag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for både ungdom og vaksne. Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no. 
Frå 01.08.24 har vi ledig stilling som lærar innan Elektro og datateknologi VG1 og VG2 El-energi og ekom

Arbeidsoppgåver

Stillinga kan innebera undervisning i praksis og teori på alle trinn. VG1 Elektro og datateknologi og VG2 Elenergi og ekom.
Utarbeide dokumentasjon og planar for undervisninga. 
Oppfølging, vurdering og rettleiing av elevar. Opplæringa vil gå føre seg i ein kombinasjon av praksis/teori.
Kontaktlærar for ei klasse etter nærare avtale.

Kvalifikasjonar

Fagbrev som elektrikar og praksis innan faget. Høgare utdanning innan elektrofag.  
Gode tekniske og faglege ferdigheiter, brei erfaring frå installasjonsarbeid og arbeid med elektronisk kommunikasjon.  
Kompetanse innan IT og relevant programvare.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne. 
Kjennskap til lokalt næringsliv.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Skulen kan etter vurdering gi tilbod om fast tilsetting under vilkår av at utdanninga vert fullført innan ein nærare tidsfrist.
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.

Personlege eigenskapar

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og vi ønskjer ein medarbeidar som likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell for ungdom som ønskjer ei karriere fagområdet.
Du må framstå som ein vaksen, trygg og tydeleg leiar i klasserommet/verkstaden. Som lærar må du vere besvisst ansvaret som ligg i å leie arbeidet for elevane, og legge til rette for deira utvikling og dermed kvaliteten på opplæringa.
Evne og vilje til å planlegge, gjennomføre og å evaluere undervisninga både sjølvstendig og i samarbeid med andre
Vilje og evne til utvikling.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Kunne arbeide strukturert og systematisk og ha kjennskap og erfaring med tidsriktig planlegging av arbeidsflyt i næringa. 
God digital kompetanse også i digital teikning.
Variert og omfattande erfaring knytt til elektro og datateknologi,  el-energi og ekom og kjennskap til lokalt næringsliv.

Vi tilbyr

Lønn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår. Søknadsfrist: 02.02.24

Kontaktinformasjon

Ole Hennøy , Avdelingsleiar, 91872726, ole.hartvik.tonheim.hennoy@vlfk.no

Arbeidsstad

Professor Gjeldsviksv 22

6900 FLORØ

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4782997638

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.04.2024


Sted
Professor Gjeldsviksv 22, 6900 Florø
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
FINN-kode
343739772
Sist endret
20. mars 2024 10:32