Sjukepleiar (vikariat 80%)

Arbeidsgiver
Post 1 Nord, Bømlo kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar (80 %)
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Har du lyst til å utgjere ein forskjell hos oss som sjukepleiar?

Bømlo bu- og helsesenter, avdeling Post1 Nord har ledig 80 % vikariat som sjukepleiar. 

Avdelinga Post1 Nord er ei langtidsavdeling med 34 plasser, god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Avdelinga er nå blitt ein del av KS sitt TØRN prosjekt der ein ser på bedre oppgavedeling, arbeidstid og bedre bruk av fagressursene i avdelinga. Me søkjer etter deg som ønskjer å bidra til gode tenester for våre pasientar, fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø. 

Stilling innebærer arbeid kvar 4 helg med langvakter ( lørdag og søndag). Oppstart snarast etter avtale. Vikariatet er i 1 år med høve for forlenging.



Arbeidsoppgåver

  • Utføre heilskapleg pleie, omsorg og medisinsk behandling
  • Sjukepleieprosedyrar
  • Vere primærkontakt / ha ansvar for enkelte av pasientane
  • Dokumentasjon i elektronisk system
  • Samarbeid med tilsynslege, ergo- fysioterapitenesta, sjukehus, pårørande med fleire
  • Oppfylging av pasientar og pårørande

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Meistrar norsk godt både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • jobbar sjølvstendig og samarbeidar godt med andre
  • Er lojal og fleksibel
  • Har fagleg engasjement og er løysingsorientert i di tilnærming
  • Er god til å vurdere, prioritere og iverksette
  • Har gode kommunikasjonsevner

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Me tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben

Andre opplysingar:

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4 
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn 
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Leif Christian Andersen. 

Kontaktinformasjon

Leif Christian Andersen, Avdelingsleiar, 908 93 242, Leif.Christian.Andersen@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Leirdalen 25

5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune



Referansenr.: 4780939538

Stillingsprosent: 80%

Vikar

Søknadsfrist: 02.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
343731106
Sist endret
21. mars 2024 08:18