Inaktiv

Kulturskulelærar - 100 % fast

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Kulturskulen
Stillingstittel
Kulturskulelærar
Frist
21.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

 

Kvinnherad kommune har 13.200 innbyggjarar. Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året. Kvinnherad vart i 2015 kåra til årets kulturskulekommune.

Kvinnherad kulturskule

5460 HUSNES

Kvinnherad kulturskule har rundt 500 elevplassar, ca. 10 årsverk fordelt på 12 tilsette. Kvinnherad kulturskule har i dag tilbod om undervisning i dans, musikk, teater og visuelle kunstfag. I tillegg kjem sal av tenester til kor, korps og institusjonar. Kulturskulen er desentralisert med hovudbase i kulturskulesenter på Husnes. Dei lokala er ein del av Kvinnherad kultursenter og er samlokalisert med kulturhus, kino, ungdomssenter og bibliotek.

 

I Kvinnherad kulturskule er det ledig inntil 100% stilling, fast som kulturskulelærar frå 01.08.2024.

Vi søkjer primært ein slagverkslærar som også kan undervisa i andre musikkfag.

Stillinga omfatta individuell og gruppeundervisning i følgjande fag:

Undervisning i trommesett og enkle melodisk slagverk: ca. 50% stilling;

Undervisning i band/samspel: 10, 24% stilling;

Undervisning i el. gitar og el. bass: ca. 30% stilling;

Andre aktuelle kvalifikasjonar hos søkjaren som også kan bli ein del av stillinga: undervisning i piano og/eller treblåseinstrumentar. Har ein andre kvalifikasjonen i tillegg,- kan dei også vurderast i stillinga (bør nemnast i søknaden). Det er også behov for musikklærare i grunnskular i kommunen. Derfor kan den stillinga/delar av denne stillinga evt. kombinerast med undervisningsstilling i ein av grunnskulane (for å kunne undervise i grunnskulen må ein ha fullført PPU-utdanning).

Stillinga lyses ut i utganspunkt i sin heilskap. Ønskjer man å søkja ein del av stillinga, - må dette nemnast i søknaden. Stillingsstorleiken er avhengig av søkjaren sine kvalifikasjonar. Det er ein fordel med fleire kvalifikasjonar. Alle søkjarar bør leggja ved minst to referansar frå tidlegare relevante arbeidsforhold.

 

Omtale av stillinga:

Stillinga omfatta undervisning til born og vaksne, deltaking i personalmøtar, kulturskule sine prosjekt, framsyningar og vidareutviklingsarbeid i kulturskulen.

Undervisninga er desentralisert, så det er ein fordel om søkjar disponerer bil.

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

- Relevant høgare musikkutdanning;

- Musikkpedagogisk utdanning/PPU er ein fordel;

- Dokumentert realkompetanse kan også vurderast;

- Sjangerbredde vektleggast;

- Erfaring frå arbeid med born og ungdom;

- Det vektleggast personlege eigenskapar, gode evne til å kommunisera med born og vaksne;

- Det vektleggast gode evne til å arbeida både sjølvstendig og i team;

- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg må dokumenterast (gjelder søkjarar utanfor Norden);

- Utdanninga frå utlandet må bli godkjent av NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse;

 

Me kan tilby:

- Ein spennande jobb i ein velfungerande kulturskule;

- Eit hyggeleg kollegium med sterk fagkompetanse;

- Gode arbeidstilhøve og fine øvingslokale med moderne utstyr av topp kvalitet;

-Gode tidsrammer for all undervisning (individuell undervisning,- 30 min per ein elev, gruppeundervisning,- 60-90 min).

- Moglegheiter for egen utvikling (kurs, studieturar, deltakelse i ulike fagpaneler og regionalt nettverk-samarbeid);

- Kan være behjelpeleg med å finne buplass i kommunen;

- Gratis tilbod om SFO i kommunen;

- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP;

- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd;

- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar;

- Løn etter gjeldande avtaleverk;

 

Tilsetjingsvilkår:

- Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju og praktisk prøve (prøveundervisning).

- Arbeidstakarar vert tilsett i Kvinnherad kommune etter gjeldande lovar, reglement og tariffavtale.

- Ved tilsetjing må det leverast politiattest ikkje eldre enn 3 månader.

 

Søknad vert å senda:

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Søknadskjema er å finna på kommunen si heimesida: https://kvinnherad.easycruit.com/

Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Politiattest vert krevd etter Helsepersonellova, § 20. Attesten skal leggjast fram ved tilsetjing i barnehage, skule og i barnevernstjenesta. (jf. Barnehagelovens § 19/Opplæringslovens § 10-9 og Lov om barnevernstjenester § 6-10).

 

Kontakt: Kirill Zimin (rektor), e-post: krill.zimin@kvinnherad.kommune.no, mob: 45665892

 

Søknadsfrist: 21.04.2024


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
343704462
Sist endret
04. apr. 2024 11:32