Sommarjobb i Harstad

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Sommarjobb i Harstad
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Forsvarsbygg søker sommarvikarar til ulike oppgåver knytt til drift i Harstad.

 

Arbeidsoppgåver vil primært vere plenklipp, kantklipp, luking i bed og andre liknande oppgåver. Tidsrommet vil vere i perioden frå skuleslutt (slutten av juni) og til skulestart (midten av august) der puljer på 3 og 3 jobber fire veker kvar. Kan også bli aktuelt med ettermiddagar og helg etter skulestart ved behov.

I søknaden vil vi at du skal gjere greie for kva slags oppgåver du ønsker å arbeide med, i tillegg til kva for ei periode du er interessert i å arbeide.


I tillegg treng vi ein sommarvikar med oppstart allereie ca. 15. mai. Vi søker deg som skal klargjere materiell, rydde, plante blomstrar, rake osv. før graset blir for langt. Når dei andre vikarane kjem i juni får du rolla som teamleiar. Som teamleiar skal du mellom anna køyre vikarane ut til forskjellige plassar kor dei skal klippe, sjå til at det er bensin og forbruksmateriell til klippeutstyr, få dette levert til service/reparasjon om nødvendig etc. Det er ønskeleg at teamleiaren jobbar heile sommaren, og det er nødvendig med sertifikat for manuelt gir.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb



Arbeidsoppgaver

  • Klipping av plen
  • Kantklipping
  • Luking i bed
  • Førefallande oppgåver

Kven ser vi etter?

For å jobbe hos oss må du være:

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Kvalifikasjonar

  • Må vere fylt 16 år 
  • Må kunne tryggleiksklarerast og/eller autoriserast
  • Nokre søkarar/kandidatar må ha sertifikat kl B (for manuelt gir)

Vi tilbyr

Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), frå kr. 280 640 - 401 900 i brutto årleg lønn i følge Statleg lønsregulativ

Kontaktinformasjon

Trond Balswick, Områdeleiar, 907 42 602

Arbeidssted

Festningsveien 1

9404 Harstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Forsvarsbygg



Referansenr.: 4775993093

Stillingsprosent: 100%

Sommerjobb

Søknadsfrist: 02.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
7
Sted
Festningsveien 1, 9404 Harstad
Stillingsfunksjon
Logistikk og lager, Annet, Håndverker
FINN-kode
343518881
Sist endret
10. mars 2024 08:21