Inaktiv

Driftstilskot fysioterapeut 60 %

Arbeidsgiver
Volda kommune, Helse og omsorg
Stillingstittel
Driftstilskot fysioterapeut 60 %
Frist
22.03.2024
Ansettelsesform
Selvstendig næringsdrivende

Beskrivelse

 

Volda kommune har ledig kommunalt driftstilskot i 60% avtaleheimel frå 01.08.2024.

Avtaleheimelen er lokalisert ved Helsehuset i Hornindal. Heimelen er ein soloprakis, men deler lokaler med kommunefysioterapeut og frisklivskoordinator. (Legetenesta held også til på Helsehuset). Overdraging av heimelen er regulert etter rammeavtalen ASA 4313 og dette blir forhandla med noverande fysioterapeut. Påtroppande fysioterapeut må difor forvente ei investering i eiga bedrift og vere sjølvstendig næringsdrivande. Det er ynskjeleg at vedkomande tek over verksemda der den er plassert per i dag. 

Praksisen skal driftast etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester, Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale, ASA 4313, Retningslinjer for samarbeid og fordeling av pasientar mellom fastløna og sjølvstendig næringsdrivane fysioterapeutar med driftsavtale i Volda kommune og kommunens planverk for helse- og omsorgstenester.



Arbeidsoppgåver

Arbeidet som avtalefysioterapeut omfattar undersøkingar, behandling og rehabilitering. Det er forventa at fysioterapeuten samarbeider med anna helsepersonell og bidreg til tverrfagleg samhandling. Behandling kan utførast både på instituttet og i heimen til pasientar ved behov. Det er forventa at fysioterapeuten nyttar behandlingsformer forankra i kunnskapsbasert praksis. Det er spesielt forventa samarbeid med andre fysioterapeutar i kommunen - både med avtalefysioterapeutar og kommunalt tilsette.

Kvalifikasjonar

  • Norsk offentleg autorisasjon som fysioterapeut
  • Erfaring innan almenn fysioterapi
  • Bør ha erfaring frå tverrfagleg samarbeid, spesielt inn mot kommunehelsetenesta
  • Meistringsfokus og vektlegging av aktiv deltaking i behandlinga
  • Fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver og endringar
  • Relevant erfaring med ventelister og effektive og forsvarlege tenester
  • Søkjar frå land utanfor Skandinavia må meistre norsk språk på minimum B2-nivå både skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar for stillinga blir høgt vektlagt
  • Førarkort

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Strukturert
  • Fagleg engasjert og motivert for utvikling

Kontaktinformasjon

Ingunn Gjengedal, Assisterande kommunalsjef, +47 92 43 62 45, ingunn.gjengedal@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Grøddesvegen

6763 Hornindal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune



Referansenr.: 4771689839

Stillingsprosent: 60%

Fast

Søknadsfrist: 15.03.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Grøddesvegen, 6763 Hornindal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
343290320
Sist endret
08. mars 2024 01:18