Inaktiv

Helsesekretær/sekretær 

Arbeidsgiver
Merkantile tjenester Stord DPS/BUP, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Helsesekretær/sekretær
Frist
31.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

No søkjer vi etter deg som trivs i ein kvardag med mange ulike oppgåver. 

Eininga er sentral for å sikra høg kvalitet på behandlinga vi gir til pasientane våre. Avdelinga består i tillegg til merkantile tenester av allmennpoliklinikken for vaksne, døgnpost for vaksne, TSB, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Me har eit godt og stabilt fagmiljø, med lokalt forankra helsepersonell. Opptaksområdet for vaksne dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes. For barn dekkjer me i tillegg områda Ullensvang og Kvinnherad.

 



Arbeidsoppgåver

  • Kvalitetssikring av tenester og rapportering
  • Koordinera pasientforløp, som booking av konsultasjonar og oppfølging av timeavtalar.
  • Yta støtte til pasientar og pårørande, både ved resepsjonen og via telefon og e-post.
  • Utføra administrative oppgåver som saksbehandling, skriving etter diktafon, skanning, korrespondanse og fakturering.
  • Andre kontorfaglege oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Helsesekretær med autorisasjon. Søkjar med annan utdanning/erfaring frå liknande arbeid kan være aktuelle. 
  • Erfaring med bruk av elektronisk pasientjournal (t.d. DIPS) og andre relevante IT-verktøy (t.d. Elements, Excel)
  • Det er ønskeleg med erfaring frå fagområde psykisk helse og/ eller rus
  • Må beherske godt norsk skriftlig og munnleg
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • liker å yta service til pårørande og pasientar i ein vanskeleg livssituasjon
  • ønskjer å levera på drift og prosjekt
  • er glad i eit sosialt arbeidsmiljø der mange av oppgåvene krev samarbeid med andre

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenesteforsikring.
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søker gi til kjenne dette i søknaden.

Mangfaldserklæring 
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Kontaktinformasjon

Evelyn Sjo, Funksjonsleiar - Merkantile tjenester, 91 52 52 93, evelyn.sjo@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 64

5416 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4776932543

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.05.2024

Sluttdato: 01.05.2024

Søknadsfrist: 31.03.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Tysevegen 64, 5416 Stord
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Helsepersonell, Helsepersonell / Helsesekretær
FINN-kode
343275455
Sist endret
08. mars 2024 10:06