Inaktiv

Vernepleiar - vikariat

Arbeidsgiver
Bukollektiva, Sula kommune
Stillingstittel
Vernepleiar - vikariat
Frist
31.03.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig!


Bukollektiva har ledig vikariat i 93% stilling for vernepleiar ved Seniorsenteret og Sloghaugvegen 28 i samband med at ein våre tilsette skal ha svangerskapspermisjon.  Arbeid på dagtid i vekedager på Seniorsenteret kombinert med arbeid kvar 3. helg ved Sloghaugvegen 28. Vikariatet er ledig frå 1. juli 2024, evt anna dato for oppstart etter avtale. 

Vi søker primært etter vernepleiar, men opner for at andre og kan søke.

Søknadsfrist 31. mars

I Bukollektiva arbeider vi for å skape tryggleik for bebuarar og pårørande, gi omsorg og skape gode rammer basert på faglege vurderingar. Vi arbeider aktivt for å skape gode arbeidsmiljø og har fagleg fokus.

Seniorsenteret er dagsenter for heimebuande eldre og er ope 4 dager/veke. Det er fokus på aktivisering, relasjonsbygging, trivsel og å skape ein god arena for tenestemottakarane. 

Ved Sloghaugvegen 28 har vi to avdelingar med 8 bebuarar i kvar avdeling. Bebuarane har samansett sjukdomsbilete og har behov for heildøgns omsorg. Det er nært samarbeid mellom avdelingane både fagleg og sosialt.

Seniorsenteret og Sloghaugvegen 28 er lokalisert i same bygg og det er nært samarbeid.

Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!

 



Arbeidsoppgåver

Seniorsenteret 

  • Målretta og planbasert arbeid for å gi bebuarar eit tilpassa tilbod i rolege og trygge omgjevnader samt fokus på ivaretakelse av eigne ressursar.
  • Vere bindeledd mellom senteret og andre samarbeidspartnarar, tenestemottakarar og pårørande.
  • Utarbeide planer ifht aktivitetar
  • Praktisk hjelp til tenestemottakarane
  • Nært samarbeid med fagleiar for Seniorsenteret

Sloghaugvegen 28

  • Praktisk hjelp 
  • Medisinhandtering
  • Nært samarbeid med pårørande og lege
  • Palliasjon
  • Planarbeid
  • Tilpassa aktivisering


Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som vernepleiar
  • Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad
  • Gode datakunnskaper

Personlege eigenskapar

Vi søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert,kreativ, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø. Du har ei genuin interesse for eldreomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for tenestemottakarane, kollegaer og pårørande. Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel både med kollegaer og tenestemottakarar. 

Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.

Personlege eigenskaper vert vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Inkludering i eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer 
  • God opplæring og nær-ledelse 
  • Fokus på god eldreomsorg og fagleg utvikling 
  • Tilbod om deltaking i refleksjonsgrupper 
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

 

Oppgi referanser
Krav om politiattest

  

Kontaktinformasjon

maria nordbø solevåg, Avdelingsleiar Sloghaugvegen 28og Seniorsenteret, 90761914, maria.nordbo.solevag@sula.kommune.no

Cecilie Ørjasæter, Einingsleiar, +4791596764, cecilie.orjasaeter@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Sloghaugvegen 28

6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune



Referansenr.: 4779626506

Stillingsprosent: 93%

Vikar

Startdato: 01.07.2024

Søknadsfrist: 31.03.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sloghaugvegen 28, 6030 Langevåg
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
343274217
Sist endret
08. mars 2024 10:10