Lærar

Arbeidsgiver
Rørstadmarka skule, Sula kommune
Stillingstittel
Lærar
Frist
22.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Rørstadmarka skule søkjer lærarar for komande skuleår. Vi har frå 01.-08.24 ledig inntil 300 % stilling, fast og vikariat. 

 

Rørstadmarka skule vart opna hausten 2022 og ligg flott plassert på midtre del av Sula kommune. Skulebygget og uteområdet vårt byr på gode lære- og leiketilhøve og med nærleik til vatn, skog og fjell har vi høve til å legge opp til varierte arbeidsformer.

Skulen vår har vel 220 elevar og 40 tilsette. Vi har eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med god alders- og kjønnsfordeling. Vi arbeider etter visjonen vår "Ved Rørstadmarka skule har vi rom for alle og auge for den enkelte, vi arbeider saman om trivsel, meistring og læring". Ved å nytte fleksibiliteten vi har i skule- og uterom legg vi opp til at slagordet vårt; "leik og læring dag for dag", får leve i praksis.

Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har eigne læringsbrett som digitalt verktøy. I lag med fysiske bøker gir dette oss godt høve til variasjon i arbeidsmåtar. 



Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i ulike fag 
  • kontaktlærar
  • forplikte deg og delta i teamsamarbeid og pedagogisk utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet vårt 
  • planlegge, gjennomføre og evaluere læringsarbeidet til elevane
  • sikre godt samarbeid mellom heim og skule

Kvalifikasjonar

Vi søkjer lærar med grunnskulelærarutdanning eller anna godkjend pedagogisk utdanning som er relevant for arbeid i grunnskulen. Det er ønskjeleg med kompetanse i begynneropplæringa og med minimum 30 std i to av tre basisfag (norsk, matematikk og engelsk). Andre fag som spes.ped og grunnleggande norsk for framandspråklege born blir også vurdert. 

Du må ha god digital kompetanse då elevar og lærarar har iPad som verktøy og mykje av arbeidet og kommunikasjonen skjer digitalt. 

Vi søkjer deg som arbeider systematisk med relasjonsbygging og læringsmiljø og som forstår samanhengen mellom det og god læring. 

 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein lærar som

  • har god forståing for LK20 og som kan bruke dette i planlegging, gjennomføring og evaluering av læring.
  • som har gode evne til samarbeid og som bidreg til at elevar og kollegaer lærer gjennom godt teamsamarbeid
  • som kan bygge gode relasjonar med barn og vaksne.
  • trygg vaksen og som utøver god klasseleiing. 
  • har godt humør og stor arbeidskapasitet
  • er positiv og ønskjer å bidra sosialt både inn mot elevar og tilsette.

Personlege eigenskapar vert lagt vekt på.

Vi tilbyr

  • Eit stabilt og støttande personale med god aldersblanding.
  • Ein interessant arbeidskvardag med utfordrande og varierte oppgåver.
  • I tillegg til løn og arbeidsforhold etter gjeldande lov og regelverk får du arbeide i lag med engasjerte tilsette i eit engasjerande og inkluderande miljø. 

Kontaktinformasjon

Janne-Lise Dragsund Lundbø, Rektor, +4795710200, janne-lise.d.lundbo@sula.kommune.no

Turid Olava Stokke, Inspektør , 95710201, turid.olava.stokke@sula.kommune.no

Arbeidsstad



 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune



Referansenr.: 4780873157

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 22.03.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
6035 Fiskarstrand
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
343272819
Sist endret
08. mars 2024 10:23