Inaktiv

Byggdriftar/fagarbeidar

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Kommunaltekniske tenester
Frist
04.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søker:

deg som er interessert i ein jobb med varierte drifts -og vedlikehaldsoppgåver på både bygg og uteområder i Vindafjord kommune. Då treng me deg med oss på laget.

Me har ledig ein 100% fast stilling som byggdriftar/fagarbeidar frå snarast.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Drift- og vedlikehald av kommunale bygg, eigedomar, idretts- og grøntanlegg. Arbeidsmetodane er i stadig endring, så andre og nye oppgåver på avdelinga kan bli aktuelle.

Kvalifikasjonar:

  • Du har erfaring, praksis og formell kompetanse som gjer at du er kompetent til å vera med på laget vårt. Helst har du fagutdanning som byggdriftar, elektrikar, røyrleggar, automasjonsteknikar, tømrar eller nærliggande fagområde
  • Interesse for – og erfaring frå arbeid på uteområde t.d. gartner/anleggsgartner
  • Ha noko digital/datakompetanse
  • Førarkort klasse B
  • Erfaring kan vega opp for manglande fagbrev, (og det vil vera moglegheit for å ta fagbrev ved oppnådde erfaringskrav.)
  • Beherska norsk språk muntleg og skrifleg

Personlege eigenskapar:

  • • Vera positiv og serviceinnstilt og kunne kommunisera og samarbeida med andre.
    • Kunne arbeida sjølvstendig, og ta ansvar for eigen arbeidskvardag.
    • Ha vilje til å læra nye ting, og ønskje om å utvikla deg innan fagfeltet
    • Har evne til å arbeide strukturert og søkje innovative løysingar som kan effektivisere arbeidet vårt.
    • Du må ikkje vere redd for å ta i eit tak, også utanfor primærområde.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester, Håndverker, Annet
FINN-kode
343268130
Sist endret
08. mars 2024 09:16