Inaktiv

Sommarvikar bygg, grøntanlegg og VAV

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Kommunaltekniske tenester
Frist
04.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Me søker:

Me søker deg som vil vera sommarvikar på enten byggavdeling/grøntområder eller Vatn, Avlaup, Veg.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Plenklipping
  • Rydding av siktsoner
  • Maling av bygg
  • førefallande vedlikehaldsarbeid
  • bistand til driftsoperatørar

Kvalifikasjonar:

  • Du må vera over 18 år
  • Grunnleggande datakunnskap
  • Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskapar. 
  • Førarkort for personbil er ønskjeleg.

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel og lærevillig
  • Blid og serviceinnstilt
  • Gode samarbeidsevner
  • Engasjert og effektiv- ser kva som kan bli gjort

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid
Stillingsfunksjon
Annet, Håndverker, Driftsoperatør/vaktmester
FINN-kode
343266031
Sist endret
08. mars 2024 09:02