Sekretær

Arbeidsgiver
Seksjon for internservice Volda og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sekretær
Frist
22.03.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Servicetorget har ein viktig funksjon i sjukehuset sin organisasjon. Vi har behov for ein dyktig, nøyaktig og strukturert medarbeidar som kan vere med på å utarbeide dette fagområdet ved Seksjon for Internservice. Det vil vere eit tett samarbeid med andre tilsette på området. Stillinga vil medføre mykje variert og sjølvstendig arbeid innan service til pasientane, pårørande og tilsette.

Vi har ledig vikariat 100% stilling frå 01.06.24 -11.03.2025.

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.



Arbeidsoppgåver

  • Service og informasjon til pasientar, pårørande og tilsette
  • Sortering av inn- og utgåande post i helseføretaket
  • Daglege driftsoppgåver
  • Vidareutvikling og kvalitetssikring av området
  • Delta i digitaliserings- og forbetringsprosessar
  • Produksjon av ID, PULS og Adgangskort til alle tilsette
  • Det kan bli endring av arbeidsoppgåver ved eventuell strukturendring av drifta

Kvalifikasjonar

  • God IKT kunnskap og kompetanse
  • Erfaring frå servicefunksjonar er ynskjeleg
  • Gode kommunikasjonsevner i norsk munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå teamarbeid

Personlege eigenskapar

  • Gode framstillings- og kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig, nøyaktig, strukturert og kvalitetsbevisst
  • Utviklings- og løysningsorientert
  • Gode samarbeidsevner, fleksibilitet og endringsvilje
  • Medverke til fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Eva Britt Lervåg, Seksjonsleiar, +47 41689191

Arbeidssted

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4780992274

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.06.2024

Sluttdato: 11.03.2025

Søknadsfrist: 22.03.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Konsulent, Koordinering
FINN-kode
343261529
Sist endret
11. mars 2024 06:55