Førsteamanuensis/universitetslektor (2 x 20 % bistilling) i medisin (kirurgi og ortopedi)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Førsteamanuensis/universitetslektor (2 x 20 % bistilling) i medisin (kirurgi og ortopedi)
Frist
03.04.2024

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Førsteamanuensis/universitetslektor (2 x 20 % bistilling)

Ved Det medisinske fakultet er det ledig to (2) åremålsstillingar som førsteamanuensis eller universitetslektor (20 % bistilling) i medisin, ei i kirurgi og ei i ortopedi, ved Klinisk institutt 1. Stillingane er ledig for ein periode på fire (4) år frå tilsetjing. Stillingane er knytt til fast overlegestilling (minimum 50 %) i Helse Førde/ved Førde sentralsjukehus, med arbeidsstad ved dette sjukehuset. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stilling som førsteamanuensis, er det aktuelt å tilsetje universitetslektor.

Vi søkjer to kollegaer som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. Klinisk institutt 1 vektlegg forsking som tar utgangspunkt i kliniske problemstillingar, og kombinerer dette med grunnleggande laboratorie- og registerbasert forsking, og forsking knytt til billeddannande analyser. Klinisk institutt 1 gir undervisning til studentar på medisinutdanninga, innan ernærings- og farmasistudiar. Du vil samarbeide tett med administrativ koordinator og seksjon for Kompetanse og utdanning i Helse Førde. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet. Det er eit ønske at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, og at søkjar har eit stort engasjement og interesse for undervisning.


Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Arbeidsoppgåver/forskingsområde for førsteamanuensis:

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, og ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er i først og fremst knytt til medisinstudentane frå Universitetet i Bergen som har praksisopphald ved Førde sentralsjukehus, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, og aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

 

Arbeidsoppgåver for universitetslektor:

Den som vert tilsett skal undervise og rettleie studentar, og ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Undervisningsplikta i stillinga er i først og fremst knytt til medisinstudentane frå Universitetet i Bergen som har praksisopphald ved Førde sentralsjukehus, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til undervisning, og aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar og eigenskapar for førsteamanuensis:

Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, har cand.med.-grad og norsk autorisasjon som lege, og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil verte særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.- kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga.

Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar for universitetslektor:

  • Søkjar må ha cand.med.-grad og norsk autorisasjon som lege
  • Det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, og stort engasjement og interesse for undervisning

Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.


Vi tilbyr:
  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Førsteamanuensis:
  • Løn er for tida kr 708 000 – 732 300 (kode 1011, lønssteg 71-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Universitetslektor:
  • Løn er for tida kr 584 500 – 646 000 (kode 1009, lønssteg 60-66) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal innehalde for førsteamanuensis:

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i PDF-format
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

 

Søknaden skal innehalde for universitetslektor:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Dersom du driv forsking legg du og ved:

  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Vitskaplege arbeid (maks 10) i PDF-format

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (PDF).


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar professor Christian Vedeler, e-post: christian.vedeler@uib.no eller mobiltlf.: 918 37 971.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell, Forskning/Stipendiat/Postdoktor
FINN-kode
343247044
Sist endret
08. mars 2024 06:42