Pedagogisk leiar i Beito barnehage

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
Pedagogisk leiar i Beito barnehage
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Beito barnehage ligg i vakre omgivnader nær skogen og vatnet i Beito.Vi bruker aktivt naturen rundt barnehagen og legg vekt på å vere mykje ute.  Barnehagen vart bygd i 2005 og har funksjonelle, lyse og trivelege lokale med eit godt inneklima. Barnehagen er godkjent for 55 plassar. Visjonen til barnehagen er «Det unike mennesket i fellesskapet».  Barnehagen har eit stabilt og godt kvalifisert personale.

Vi har ledig inntil 2 faste stillingar som pedagogisk leiar.



Arbeidsoppgåver

  • Pedagogisk planleggingsarbeid, individuelt og i team
  • Pedagogisk og praktisk arbeid i lag med ungane 
  • Foreldresamarbeid

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelærar
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • Det er krav om politiattest ved tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape gode relasjonar både til barn, foreldre og medarbeidarar
  • Evne til å utvikle barnehagen og sjå løysningar
  • Evne til å bruke seg sjølv i ein hektisk kvardag
  • Ha humor, glede og vere påliteleg

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidarar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

    Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ev. ønskje om å bli unnteke offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf offentleglova §25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ønskje ikkje kan takast til følgje.  

Kontaktinformasjon

Dagny Viola Björklöf, Fung.styrar Beito barnehage, +47 99500955

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune



Referansenr.: 4779645863

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Stillingsfunksjon
Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
343184948
Sist endret
10. apr. 2024 10:51