Inaktiv

Helgestillingar

Arbeidsgiver
Heimetenesta, Gloppen kommune
Stillingstittel
Helgestillingar
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

     

Kunne du tenkje deg å bidra til å gje pasientane trygg, heimebasert omsorg? Heimetenesta Sandane søkjer engasjert tilsette til helgestillingar med arbeid tredje kvar helg! 

Heimetenesta i Gloppen er fordelt på tre områder; Sandane, Breim og Hyen. Vi yter heimebaserte tenester til brukarar i alle aldersgrupper. Hjå oss er du i eit team med både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar.
Vi arbeider tverrfagleg for å kunne tilby brukarar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ynskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi.

Som tilsett hjå oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.

Du vil få opplæring/kurs og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt!

Tilsetting: snarast



Arbeidsoppgåver

Den tilsette gjev omsorg og pleie til brukarar i omsorgsbustadar og i heimane, samhandlar med brukar, pårørande og kollegaer, og utfører sjølvstendige og delegerte oppgåver i eit arbeidsfellesskap. Vår nye medarbeidar tek ansvar for eiga fagleg og personleg utvikling.

Kvalifikasjonar

  • Vi ser etter deg som har utdanning i helse eller deg som ynskjer å prøve deg i omsorgsyrket sjølv utan fagkompetanse eller påbegynt helseutdanning. Vi oppfordrar spesielt deg som har interesse for faget og som har eit sterkt ynskje om å bidra til ein god kvardag for våre brukarar.
  • Førarkort personbil.
  • Du må kunne snakke godt norsk.

Personlege eigenskapar

  • Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i eit arbeidsfellesskap.
  • Det vert lagt vekt på at medarbeidar er endringsdyktig, fleksibel og har ei reflektert holdning i praksis.

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Kari Ann Krogh, Avdelingsleiar Sandane heimeteneste, 970 26 442

Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601

Arbeidsstad



 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune



Referansenr.: 4780850611

Stillingsprosent: 14%

Fast

Søknadsfrist: 01.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
343176872
Sist endret
08. mars 2024 07:16