Inaktiv

Vertar til Garborgsenteret

Arbeidsgiver
Jærmuseet
Stillingstittel
Vertejobb ved Garborg-musea
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Arbeidsoppgåver
  • Vera godt vertskap for gjestene
  • Gje gjestene ei god museumsoppleving
  • Formidla historia og utstillingane ved museumsanlegga
  • Rettleia gjester som speler Treskomysteriet
  • Resepsjonsarbeid og sal i museumsbutikk
  • Rydding og lettare reinhald
  • Andre arbeidsoppgåver kan koma til
  • Ved behov, bidra på Knudaheio og Garborgheimen

Kvalifikasjonskrav og eigenskapar
  • Utovervend, positiv og imøtekomande
  • Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
  • Gjerne erfaring frå formidlingsarbeid, drama, musikk
  • Interesse for historie, samfunnsvitskap, språk og litteratur
  • Kunne arbeida sjølvstendig

Ungdom og unge vaksne blir spesielt oppfordra til å søkja. Søkjar må ha fylt 16 år i løpet av 2024.

Vertar jobbar annakvar laurdag kl. 10-15 og på arrangement ved behov. Oppstart til hausten, eventuelt ringevikar før den tid.


Garborgsenteret

Garborgsenteret er eit interaktivt litteraturmuseum om Hulda og Arne Garborg, og deler bygg med Time bibliotek på Bryne. Det escaperom-inspirerte Treskomysteriet opna i 2024.

Dei historiske museumsanlegga Garborgheimen og Knudaheio er opne om sommaren. Vertane som arbeider her treng eige transportmiddel for å koma seg dit.


For fleire opplysningar:

Ta kontakt med

avdelingsdirektør Inger Undheim på telefon 97 53 25 29

 


Sektor
Privat
Sted
4 lokasjonar i Time kommune, 4340 Bryne
Stillingsfunksjon
Annet, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
343141607
Sist endret
07. mars 2024 10:00