Inaktiv

Årets sommerjobb! Vi treng engasjerte SUPERinstruktørar til ferieklubb i Nordfjord!

Arbeidsgiver
Nordfjordakademiet
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeider
Frist
26.04.2024

Beskrivelse

Vi treng dyktige SUPERinstruktørar til ferieklubben vår "Jakta på Superkreftene"! I løpet av 6 veker i sommar vil du i eit team på 4 instruktørar vere ansvarleg for ferieklubben. Vi skal ha 2 veker i kommunane Bremanger og Gloppen, ei veke i Stryn kommune og ei veke i Stad kommune.


Vi vil vi vise born i alderen 2. - 4. klasse og ungdom i alderen 8. - 10. klasse ulike yrker gjennom leik. Her er det masse kjekke aktivitetar, og alle instruktørar vil få opplæring og kursing over to heile dagar før oppstart.


DU likar å jobbe med born, er nysgjerrig på læring gjennom leik, har gjerne erfaring frå eller studerar innan born- og ungdomsarbeid eller læraryrket og ønskjer ein aktiv sommar!


Vi kan tilby jobb til opptil 4 - 8 instruktørar i vekene 26 til 32, med fri i veke 29. Vi vil stille med bustad for instruktørane som vil vere med oss gjennom heile sommaren!


Via denne linken ***https://www.nordfjordakademiet.no/sommarjobb/***kan du kort lese om dei ulike tilboda og sjå kva instruktørar vi søkjer til kva - det er absolutt muleg å jobbe for alle slik at ein får ein full sommarjobb. Marker søknad med "full sommerjobb" eller med veker og kommune du ønskjer å jobbe for.


Programmet er pakka og klart, så her er det berre å søkje!





Antall stillinger
4
Sted
6783 Stryn
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
343132004
Sist endret
07. mars 2024 08:44