Inaktiv

Driftsoperatør 

Arbeidsgiver
Veg og anlegg, Kvam herad
Stillingstittel
Driftsoperatør veg og anlegg
Frist
31.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du serviceinnstilt, glad i å vera ute og  ikkje redd for å ta i eit tak?

Då er det gjerne du som kan sjå fram til ein variert arbeidskvardag som driftsoperatør i Kvam herad.

 

Me har ledig 100 % stilling som driftsoperatør frå 15.august 2024.

Avdelinga veg og anlegg har 6 tilsette (5 operatørar og 1 driftsleiar). Avdelinga har ansvaret for drift og vedlikehald av ca. 110 km kommunal vegar. 



Arbeidsoppgåver

  • Drift og vedlikehald av kommunale vegar og anlegg, td. kantslått, felling av skog, grøfting, vintervedlikehald, og anna førefallande vedlikehaldsoppgåver.
  • Delta i vaktordning bl.a. knytt til vintervedlikehald og beredskap

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev eller anna relevant utdanning innan veg-/anlegg eller maskintekniske fag. Relevant arbeidserfaring kan vega opp for manglande formell utdanning
  • Erfaring med liknande arbeidsoppgåver
  • Maskinførarbevis på gravemaskin og hjullastar er ønskjeleg
  • Førarkort klasse C
  • Kransertifikat G8 og truck er ønskjeleg
  • God norskkunnskap

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som:

  • Har interesse for fagfeltet
  • God datakunskap
  • Er fleksibel
  • Samarbeidsvillig
  • Er sjølvstendig
  • Er effektiv, pliktoppfyllande og lojal

Vi tilbyr

  • Varierte, spanande og utfordrande oppgåver på ein triveleg arbeidsplass 
  • Mykje kontakt med kundar og publikum
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. 

Kontaktinformasjon

Jarle Flotve, Driftsleiar veg og anlegg, 413 12 453

Nils Eivind Stranden, Leiar kommunalteknikk, 959 42 881

Arbeidsstad



 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad



Referansenr.: 4775204792

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.03.2024


Sektor
Offentlig
Sted
5600 Norheimsund
Stillingsfunksjon
Maskinfører og -operatør, Håndverker, Annet
FINN-kode
343124199
Sist endret
07. mars 2024 08:36