Vil du vere med å skapa ei framtid for våre barn og unge?

Arbeidsgiver
Hjelmeland kommune Oppvekst
Stillingstittel
Lærarstillingar i grunnskulen 2024/ 25
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Hjelmeland kommune er det tre skular: Fister skule (1.-7.), Årdal skule (1.-7.) og Hjelmeland skule (1.-10.).

Me treng fleire lærarar med på laget, og det kan verte aktuelt med både fast stilling og vikariat. Skulane i Hjelmeland ønskjer tydelege, engasjerte og motiverte lærarar som er opptekne av å samarbeide for å skape gode lærings- og oppvekstvilkår for elevane. 

Kvalifikasjonar
Me søkjer etter lærarar som er formelt kvalifiserte for undervisning på ulike trinn i grunnskulen.
Me har særskild behov for undervisningskompetanse innan språkfag. 


Me søkjer etter deg som
- har evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
- har eit pedagogisk engasjement, der elevane er i fokus
- er ein tydeleg klasseleiar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne deg ny kunnskap

Me kan tilby
- skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- konkurransedyktig løn
- rettleiing av nyutdanna
- kommunale tilsetjingsvilkår og pensjonsordning
- bedriftskunstforeining

Rekrutteringstiltak i Hjelmeland kommune:

- redusert husleige
- etableringspakke
- stipendordningar

Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Vilkår ved tilsetjing
I søknadsvurderinga legg me vekt på utdanning, praksis, undervisningsbehov og personlege kvalifikasjonar, jf. opplæringslova §10-5. Me tek atterhald om tilfredsstillande politiattest, jf. opplæringslova §10-9, og godkjent eksamen.
Tilsetjing skjer på dei løns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lovar, reglement og tariffavtala.
Pensjonsordning i Statens pensjonskasse med 2% av bruttoløn som eigendel.

Anna
Målform i Hjelmeland kommune er nynorsk.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Elektronisk søknadsprosess

Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
343039144
Sist endret
14. mars 2024 09:45