Inaktiv

Sjukepleiar, vernepleiar eller student?

Arbeidsgiver
LAR poliklinikk Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Sjukepleiar, vernepleiar eller student?
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du ha ein spennande og utfordrande jobb? Les vidare!

LAR poliklinikken ved Haugaland DPS har ansvar for utdeling av LAR-medikasjon i Haugesund kommune. 
Poliklinikken er organisert under fagområdet TSB (tverrfagleg spesialisert rusbehandling), og gir behandling til personar med ruslidelse. 
Me er lokalisert i sentrum av Haugesund by, og har vakter mandag-laurdag kl. 08.00-15.30.

No søkjer me deg som vil vera vikar hjå oss - enten det er fast gjennom året, eller under ferieavviklinga om sommaren.
For å bli ein del av vårt team må du vera autorisert sjukepleiar/vernepleiar, eller student i sjukepleie/vernepleie/medisin med dokumentasjon på bestått medikamenteksamen.

Arbeidsoppgåvene for ein vikar er hovedsakleg utdeling av LAR-medikasjon og oppfølging av daglege rutinar i avdelinga.
Me har engasjerte medarbeiderar som vil ta godt imot deg og gje deg den opplæringa du treng, så søk snarleg om du er interessert!



Arbeidsoppgåver

  • Du vil vere ein del av eit team og ha ansvar for brukarar i periodar med dårleg rusmeistring. Det inneber mellom anna kontroll og utdeling av LAR-medikasjon.
  • Motiverande samtalar og eit tydeleg meistringsfokus.
  • Samarbeid med ulike interne og eksterne instansar kan vere ein del av arbeidsoppgåvene.
  • Arbeidet inneber tett samarbeid med kollega og funksjonsleder, og øvrige medarbeiderar i TSB poliklinikk.

Kvalifikasjonar

  • Kvalifikasjon som norsk autorisert godkjent sjukepleiar eller vernepleiar.
  • Studentar i sjukepleie, vernepleie eller medisin med bestått legemiddeleksamen oppfordrast til å søkje.
  • IT-kunnskapar.
  • Det er ønskeleg med erfaring fra målgruppa, men ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  • Førarkort for bil.

Personlege eigenskapar

  • Du er god på teamarbeid, men jobbar godt sjølvstendig
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du er strukturert
  • Du er ydmyk i ditt arbeid
  • Du er en lojal og trygg kollega

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Konkurransedyktig pensjonsordning.
  • Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Diana M. Heggen Lauritzen, Prosjektleder, diana.mari.heggen.lauritzen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Floravegen 75

5535 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4780009320

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 14.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Floravegen 75, 5535 Haugesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
343034470
Sist endret
06. mars 2024 12:53