Vil du være med å utvikle framtidas barnevern i Hallingdal?

Arbeidsgiver
Ål kommune Hallingdal Barnevernteneste
Stillingstittel
Barnevernsleiar til Hallingdal barnevernteneste
Frist
26.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer no etter ein leiar til barnevernet i Hallingdal. Er du ein trygg og tydeleg person som brenner for å gjøre ein forskjell? Då er du kanskje den vi leter etter!

Vi ønskjer at du som barnevernsleiar har:

  • Bachelor i barnevern eller sosialt arbeid, med fortrinnsvis master innan barnevernfagleg områder. Søkjarar med anna utdanning og relevant erfaring kan og vurderast.
  • Brei erfaring knytt til den kommunale barneverntenesta sine oppgåver og relevant lovverk.
  • Ønskeleg med erfaring fra barnevernsledelse og/eller formell lederkompetanse
  • Førarkort.

Vi legg vekt på desse personlege eigenskapane:

Relasjonsbyggjar: du er positiv og har ein tillitsskapande åtferd, evner å byggje gode relasjonar og samarbeider på tvers av stillingar og nivå i organisasjonen. Du evner å motivere og sette krav til medarbeidarane dine.

Strukturert: Du evnar å halde oversikt og prioritere i ein hektisk arbeidskvardag og har høg gjennomføringsevne.

Samhandling: Du er imøtekommande, positiv og løysingsorientert i din samhandling med andre. Du tålar å stå i krevjande prosessar og er ein trygg leiar.

Utvikling: Du likar utfordringar og vil vere med å utvikle Hallingdal barnevernteneste vidare.

Arbeidsoppgåver knytt til stillinga:

  • Du leiar eit team av engasjerte medarbeidarar i Hallingdal.
  • Du deltar aktivt i utadretta arbeid med kommunane og andre samarbeidsinstansar.
  • Du har oversikt over nasjonale satsingsområder og faglig utvikling i barneversfeltet.
  • Du bistår med konsultasjon og bistand på tvers av team.
  • Du har god struktur og oversikt over tjenesten sine oppgåver og myndighetsområder.
  • Det må påreknas ein del reising i jobben, og noe ubekvem arbeidstid.
  • Du må tåle høyt arbeidstempo, samt kunne stå i krevende beslutningsprosesser.

Vi tilbyr:

  • Ei leiarstilling med spennande og varierte arbeidsoppgåver der du har ein meiningsfull jobb for familiar og lokalsamfunn.
  • Eit godt og utviklande arbeidsmiljø.
  • Kompetente og engasjerte medarbeidarar.
  • Løn etter avtale og gunstig pensjonsordning
  • Eigen leiaravtale.
  • Hjelp til å finne bustad.

Søknad og politiattest:

  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

 Velkomen som søkjar!


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Sundrevegen 95, 3570 Ål
Stillingsfunksjon
Ledelse, Barnevernspedagog, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
342908259
Sist endret
05. mars 2024 01:57