Miljøterapeut 2 x 100 % stilling

Arbeidsgiver
Ørsta kommune, Bu og Habilitering
Stillingstittel
Miljøterapeut
Frist
22.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

 

I Ørsta kommune er det frå 1.8.2024 ledig 2 x 100 % stilling for miljøterapeut. Stillinga er f.t. plassert i kommunalområdet Helse, omsorg og velferd med tenesteområde Bu og habilitering, avdeling Bakk-Ola-marka

Bu og habilitering har ansvar for tenester til menneske med utviklingshemming og andre med funksjonsnedsetjingar som treng bistand eller tenester for å bu i eigen heim. Stillinga er pr. dags dato knytt til bustader for unge og eldre vaksne med funksjonsvariasjonar.  

Vi søkjer etter deg som har kunnskap, erfaring og har interesse for arbeid med menneske med utfordrande åtferd og utviklingshemming. Den som vert tilsett må vere budd på å utføre arbeidsoppgåver/endre tenestestad i samsvar med  kommunen sitt behov til ei kvar tid. Stillinga har arbeid i turnus dag, kveld og helg. 

 



Arbeidsoppgåver

  • leggje til rette for at den enkelte tenestemottakar skal ha eit tilbod som fremjer ein kvardag der dei har medbestmmelse og er aktiv deltakar i eigen kvardag
  • sikre opplæring i daglege gjeremål, ADL-trening og meistring av eigen kvardag
  • sjå den enkelte tenestemottakar og deira behov ut i frå dei ressursar vi har tilgjengeleg         

Kvalifikasjonar

  • 3-årig helse-, sosialfagleg eller pedagogisk høgskuleutdanning 
  • Du bør ha førarkort klasse B. Det er ønskeleg med manuelt gir
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing 
  • Relevant arbeidserfaring  

Personlege eigenskapar

  • Kunnskap og interesse for og erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming 
  • At du er engasjert, fleksibel og løysingsorientert
  • Evne og ferdigheiter til å jobbe målretta, systematisk og sjølvstendig 
  • Du kan jobbe godt sjølvstendig og i team
  • Evne til å ta initiativ og er løysingsorientert
  • Du er roleg og trygg i utfordrande situasjonar
  • Bidreg inn mot arbeidsmiljøet og trivsel på arbeidsplassen
  • Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform   

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollegar og trivleg arbeidsmiljø

Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar

Stillinga er plassert i HTA kap. 4 Gr.2 - stillingar om krav om min. 3 årig høgskuleutdanning 
Stillingkode 6675 Miljøterapeut

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova §25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og får tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Kathrine Brekke, Avdelingsleiar, 900 12 175, kathrine.brekke@orsta.kommune.no

Guro Bakke Liaskar, Tenesteleiar, 901 03 223, guro.bakke.liaskar@orsata.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 30

6153 ØRSTA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune



Referansenr.: 4777660969

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 22.03.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Dalevegen 30, 6153 Ørsta
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
342890677
Sist endret
05. mars 2024 01:12