Overlege - spesialist i psykiatri

Arbeidsgiver
Alderspsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Overlege - spesialist i psykiatri
Frist
13.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du bli vår nye kollega ved Alderspsykiatrisk Seksjon Sunnmøre?

Klinikk for psykisk helse og rus, Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre, Seksjon for alderspsykiatri Sunnmøre har ledig 100 % fast stilling for overlege i alderspsykiatrisk poliklinikk frå og med 01.03.24

Alderspsykiatri Sunnmøre er samlokalisert med øvrig sjukehuspsykiatri. Alderspsykiatrisk seksjon består av døgnpost og poliklinikk. Arbeidsstad vil vere ved alderspykiatrisk poliklinikk Sunnmøre. Seksjonen er tverrfagleg samansett av alderspsykiater, psykolog, ergoterapeut, spesialsjukepleiar, sjukepleiarar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar og merkantile ressursar. Poliklinikken driv eit utstrakt ambulant arbeid, og har eit nært samarbeid med APS døgnpost og andre seksjonar i foretaket.

Vi utgreiar og behandlar pasientar i målgruppa:

  • Personar med alvorleg psykisk sjukdom med debut etter fylte 65 år.
  • Personar med demenssjukdom og med alvorlege nevropsykiatriske symptom (NPS), der alder er av mindre relevans.
  • Personar med alvorleg psykisk sjukdom frå før fylte 65 år, der somatisk sjukdom eller andre aldersrelaterte årsaker gjer alderspsykiatri tenleg.
  • Personar med ein uavklart demenssjukdom eller mistanke om kognitiv svikt på nevrodegenerativt grunnlag.

Vi ber om at vitnemål og attestar vert skanna inn som vedlegg til CV.



Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing/diagnostisering og behandling i tverrfaglege team, i nær samhandling med kommunehelsetenesta.
  • Psykoedukasjon og rettleiing til pasient og pårørande. Rettleiing til primærhelsetenesta.
  • Internundervisning og kvalitetsarbeid.
  • Rettleiing til legar i spesialisering.
  • Deltaking i seksjon si utvikling, i det å utvikle ein framtidsretta alderspsykiatri på Sunnmøre
  • Inngår i avdelinga si vaktordning
  • Både ambulant poliklinisk -og stasjonært arbeid

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend lege med spesialisering i psykiatri - gjerne innen alderspsykiatri
  • Stillinga kan og søkast av lege som snart er ferdig spesialist/LIS lege med erfaring frå fagfeltet

Personlege eigenskapar

  • Ein må meistre norsk språk for skriftleg og munnleg kommunikasjon.
  • Erfaring frå alderspsykiatri er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar, evne til teamsamarbeid, holdning og vilje til å bidra til å auke eigen og andre sin kompetanse.
  • Interesse for å ta i bruk nye medium, eller arbeidsmetodar for samhandling
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Sjå meir her.

Kontaktinformasjon

Pamela Riise Loe, Seksjonsleiar, 70167400, pamela.riise.loe@helse-mr.no

Perny Oksnes, Avdelingssjef, perny.kristin.oksnes@helse-mr.no

Arbeidsstad

Ålesund sykehus

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4770091963

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 13.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Ålesund sykehus, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Overlege
FINN-kode
342775456
Sist endret
14. mai 2024 01:07