Inaktiv

Lærar

Arbeidsgiver
Bokn kommune Bokn skule
Stillingstittel
Lærarstillingar ved Bokn skule 2024/25
Frist
30.05.2024

Beskrivelse

Bokn kommune søkjer etter lærarar. Me har ledig både faste stillingar og vikariat, og me har behov for lærarar på både småtrinn, mellomtrinn og ungdomstrinn.

Me ønsker lærar som kan vere med å gi elevane ei framtidsretta opplæring i trygge og gode læringsmiljø. Elevane skal møte engasjerte lærarar som lyttar til dei og motiverer dei for læring.

Sjølv om me ønsker lærarar i alle fag, så kan kompetanse i praktisk estetiske fag (musikk, kroppsøving, kunst og handverk) og språkfag (spansk og engelsk) vere særskilt aktuelt.

Me søker også etter deg som har kompetanse i teiknspråk.

Viktige stikkord er:

  • god klasseleiing
  • grunnleggande ferdigheiter i alle fag
  • digital utvikling
  • høg kvalitet i opplæringa
  • høgt læringsutbytte for elevane
  • aldersblanda grupper

Me har fokus på profesjonelle læringsfellesskap der me blant anna jobbar med skulemiljø og aldersblanding.

På barnetrinnet har alle grupper med aldersblanding to kontaktlærarar, noko som me også ønsker å vidareføre opp på ungdomstrinnet.

Skulen har også fokus på delingskultur og tverrfagleg samarbeid.

Kompetansekrav:

  • godkjent undervisningskompetanse ihht Opplæringslova
  • tydeleg klasseleiar og god på å skape relasjonar
  • kjennskap til digitale læringsverktøy, iPad og PC

Personlege eigenskapar:

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • fleksibel og løysingsorientert
  • sjølvstendig og strukturert
  • gi og ta imot rettleiing

Me kan tilby:

  • Ein variert og spennande arbeidskvardag
  • Aktive og engasjerte kollegaer
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Generelle lønsplasseringar i samsvar med Hovudtariffavtalen

Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Boknatunvegen 37, 5561 Bokn
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
342767990
Sist endret
16. mai 2024 12:59