Inaktiv

Sokneprest med tenestestad Kvam og Skåbu sokn

Arbeidsgiver
Nord-Gudbrandsdal prosti, Den norske kirke, Hamar bispedømme
Stillingstittel
Sokneprest med tenestestad Kvam og Skåbu sokn
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

2. gangs utlysning.

Stillinga som sokneprest i Kvam og Skåbu sokn i Nord-Gudbrandsdal prosti er ledig.

Kvam og Skåbu er to av dei fire sokna som ligg i Nord-Fron kommune, midt mellom Oslo og Trondheim. Det er mykje samarbeid med soknepresten i dei to andre sokna, Kvikne og Sødorp.


Sokna har preg av typisk folkekyrkje. Her er eit rikt kulturliv og flotte område for friluftsliv, med eit stabilt og godt klima sommar som vinter og med kort avstand til skianlegga ved Gålå, Kvitfjell og Hafjell. Her er gode kommunikasjonar med tog, buss og bil.


Sentrum i Nord-Fron er Vinstra med full barnehagedekning, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule og butikkar som dekker dei fleste behov.
Næringslivet er prega av jord- og skogbruk, servicenæringar, turisme og noko småindustri. Det er om lag 2500 hytter i kommunen.
Folketalet i kommunen ligg på ca 5700, og ca 85% er medlemmar i Den norske kyrkja.


Kyrkjene er alle tømra krosskyrkjer og rikt utsmykka med vakker treskurd. Sødorp kyrkje frå 1750 har 300 plassar, Skåbu kyrkje frå 1927 rommar 150, Kvikne kyrkje er frå 1764 og har 175 plassar, og Kvam kyrkje med 450 plassar blei bygd opp att i 1952 etter at ho brann ved krigshandlingane i april 1940. Opphaveleg var kyrkja frå 1776, og den nye vart bygd større, men mykje lik den gamle. Sødorp kapell med 170 sitteplassar er frå 1929, da Sødorp kyrkje vart flytta dit ho no står. Det er kyrkjegardar rundt alle kyrkjene og kapellet.


Ein nyttar liturgiar på nynorsk i Kvam og Kvikne, medan det er 50/50 % bokmål og nynorsk i Sødorp og Skåbu. Det nyttast nynorsk for alle gudstenester for born og unge i alle sokna. Målforma i kommunen og på alle skulane i Nord-Fron er nynorsk. Det er i alt 115 forordna gudstenester i dei fire sokna.

Sommarstid har alle sokna ein til to setermesser/friluftsgudstenester og i påska haldast gudstenester i hytte- og utfartsområde.
Det var i 2022 i alt  28 dåp, 43 konfirmantar, 6 vigslar og 67 gravferder i Nord-Fron.


Kyrkjekontoret ligg sentralt på Vinstra. Her er kontor for heile staben, som består av 2 sokneprestar, kyrkjeverje, trusopplærar og diakon, fire kyrkjetenarar, kyrkjemusikar og sekretær. 

Frå kyrkjekontoret er det 1 km til Sødorp kyrkje, 10 km til Kvikne, 11 km til Kvam og 25 km til Skåbu.


I Nord-Gudbrandsdal prosti legg ein vekt på eit arbeidsmiljø prega av gode og føreseielege rammer, fagleg utvikling og trivsel. Den som vert tilsett må ha gode ferdigheiter til formidling, kommunikasjon og samhandling. Vi ønsker ein sokneprest som opplevast som ein god samtalepartnar og som bidreg til gudstenester som engasjerer og der store og små involverast.

Stillinga kan òg passa til ein nyutdanna.  

Den som blir tilsett må leggja fram politiattest utan merknad.

Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste etter offentleglova §25, jfr. kyrkjeordning for Den norske kyrkja §42.  Oppmoding om å få sitt namn halde unna denne må grunngivast i søknaden.  Behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

                     

Arbeidsoppgaver

TENESTEVEKER:
Arbeidet vert fordelt med tenesteveke med gravferder og vigslar annankvar veke.
INSTITUSJONAR:
Sundheim Bo- og treningssenter har 72 plassar for rehabilitering, korttids og avlasting, samt sjukeheim. Prestane og diakon har turnus på å vitja dei fire avdelingane slik at to avdelingar får andakt og besøk ei veke, og dei to andre avdelingane neste veke.
KONFIRMANTAR:
Konfirmantopplegget har hatt leir saman med konfirmantar frå fleire av dei andre kyrkjelydane i prostiet. Det er undervisning og samlingar lokalt og konfirmasjon i mai/juni. Konfirmasjonane i år vert haldne til hausten.
TRUSOPPLÆRING:
Trusopplæringsarbeidet omfattar alle born og unge i alderen 0-18 år, og sokneprestane tar del i dette arbeidet.
BEREDSKAP:
Prestane er med i beredskap knytt til Nord-Gudbrandsdal prosti; 10 prestar deler dette arbeidet.
RÅDSARBEID:
Den som vert tilsett har sete i både Skåbu og Kvam sokneråd.
Biskopen oppnemner den av prestane som skal sitje i Nord-Fron kyrkjelege fellesråd og kven som skal være vara til Nord-Fron kyrkjelege fellesråd.
SAMARBEID I PROSTIET
Ein må også rekne med nokre tenester i prostiet elles.
Kvar månad kallar prosten prestane i prostiet saman til konvent. Eit særskild satsingsområde i prostiet er å utvikle det friviljuge engasjementet særleg inn mot gudstenestelivet.
 

Kvalifikasjoner

Cand.theol – profesjonsstudium teologi (etter 2004) eller tilsvarande
Praktisk teologisk utdanning

Personlige egenskaper

Det er ynskjeleg med erfaring innan born- og ungdomsarbeid
Teamarbeider
Det leggjast vekt på evne til godt samarbeid

Vi tilbyr

Stillinga vert løna som 1555 sokneprest
Innskot i Statens Pensjonskasse.
I tillegg til løna kjem særlege regulative godtgjersler.
Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lov- og regelverk for tilsetting i Den norske kyrkja.  Den som vert tilsett må rette seg etter endringar i ansvars- og arbeidsoppgåver samt tenestedistrikt som i framtida kan gjennomførast innanfor lov- og regelverk og tenesteordning for prestar i Den norske kyrkja.
Arbeidsrettleiing blir tilbodne prestane i Hamar bispedømme.
 
Dei som er interesserte i stillinga er velkomne på besøk i Nord-Fron å få omvisning på rekninga til bispedømmet.  Ta kontakt for avtale!

Kontaktinformasjon

Birgitte Bentzød, Prost, 41309564

Eli Bekken, Rådgiver, 62550350

Arbeidssted

Nedregata

2640 Vinstra

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Den norske kirke



Referansenr.: 4778972828

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.04.2024


Sted
Nedregata, 2640 Vinstra
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet
FINN-kode
342752509
Sist endret
04. mars 2024 01:57