Prosjektleiar

Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Landbruk og miljø
Frist
17.03.2024
Ansettelsesform
Prosjekt

Beskrivelse

Eininga Landbruk og miljø har ansvar for fagfelta landbruk, klima og miljø. Vi er 10 faste tilsette. Kommunen tilbyr fleksibel arbeidstid og arbeidsstad. Vi er primært lokalisert til Sunnfjord rådhus, i Førde, men har også høve til å jobbe frå kommunens kontor/servicetorg på Sande, Skei og i Naustdal. Vi har godt arbeidsmiljø og tilsette med brei fagleg bakgrunn innanfor landbruk, klima, natur- og miljøforvalting. For prosjektleiarstillinga kan det også bli høve til jobbe frå dei samarbeidande kommunanes kontor (Askvoll, Fjaler og Kinn).

Omtale av stillinga

«Bonden og elva» er eit nytt prosjekt i samarbeid mellom kommunane Askvoll, Fjaler, Kinn og Sunnfjord med støtte frå Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune. Føremålet er å stimulere til tiltak som vil redusere jordbruket sin påverknad i vassdrag som ikkje oppnår god økologisk tilstand. Prosjektstillinga varer frå 01.04.2024 til 31.03.2026.

Arbeidsoppgåver

Sunnfjord er ein svært viktig jordbruksregion. Bakgrunnen for prosjektet er Sunnfjord vassområde sitt arbeid med tiltak for å nå miljømåla etter vassforskrifta, og regional plan for vassforvaltning. Kommunane har eit særskild ansvar for å bidra til redusert næringsavrenning frå jordbruket. Fleire av vassførekomstane når ikkje miljømåla mellom anna på grunn av overflateavrenning eller punktutslepp.

Arbeidsoppgåvene i prosjektet vert mellom anna:
  • kontakte kvar bonde i aktuelle område og tilby rettleiing og bistand
  • saman med bonden gå gjennom drifta for å finne dei gode tiltaka for betre agronomi og redusert næringsavrenning
  • vurderer dei tekniske anlegga på gardane og gi råd om eventuelt behov for utbetring i høve til risikoen for utslepp
  • informere og rettleie om tilskotsordningar som bonden kan søke på for å gjere tiltak som reduserer utslepp (Regionalt miljøprogram, SMIL, drenering, Innovasjon Norge/IBU-midlar)
  • hjelpe til å utforme søknader om tilskot
  • kontakt mot andre relevante tilbydarar av (landbruks-)rådgjevingstenester
  • stimulere til samarbeid i grendene der dette kan vere rasjonelt, til dømes om deling på utstyr eller lager, eller fellestiltak/naturbaserte løysingar i vassdraget
  • samarbeide med kvar kommune om å vurdere tilstanden i vassdraga og behov for tiltak
  • rapportere til styringsgruppa i prosjektet

Andre oppgåver kan komme til.

Arbeidsoppgåvene er tilpassa 50 % stilling. Den tilsette og arbeidsgjevar kan i tillegg avtale inntil 100 % stilling, som då vil omfatte andre landbruksfaglege oppgåver innafor kommunane sitt ansvarsområde.

Du må ha:
  • god kjennskap til, eller røynsle frå praktisk gardsdrift. Alternativt kan universitets- eller høgskuleutdanning innanfor relevante fagområde, t.d. innan agronomi kompensere for manglande røynsle.
  • gode evner til kommunikasjon, munnleg framstilling, motivering og samarbeid
  • førarkort klasse B
Du bør ha:
  • interesse for vassmiljø
  • god kjennskap til dataverktøy er ønskjeleg, men ikkje ein føresetnad.
  • gode skriftleg framstillingsevner

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Hafstadvegen 42, 6800 Førde
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Annet, Saksbehandler
FINN-kode
342738400
Sist endret
04. mars 2024 11:00