Inaktiv

Fagarbeidarar i barnehage (2. gongs utlysing)

Arbeidsgiver
Oppvekst og kultur, Sande kommune
Stillingstittel
Fagarbeidarar i barnehage
Frist
03.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sande kommune søker fagarbeidarar til 100 % fast stilling frå 01.08.2024, eller etter avtale. Kommunen har fem barnehagar lokalisert ved Gjerdsvika, Larsnes, Haugelia (Gursken), Kvamsøya og Sandsøya. P.t er det ledig stilling i alle barnehagane. 
 
Oppvekst og kultursektoren vår har ei felles målsetting om å skape gode oppvekstvilkår for borna i Sande. Barnehagane vil i samarbeid med heime gje borna ein trygg start på den livslange læringa i utdanningssystemet. Vi vil gje dei erfaringar og opplevingar som fører til ei positiv tilknytning til nærmiljøet. Vi vil oppdra borna til samarbeid og gjensidig respekt, og gjere dei i stand til å ta vare på kvarandre og seg sjølve. Dei tilsette skal jobbe for at borna skal få oppleve eit inkluderande miljø med venskap, omsorg, leik og læring.

Arbeidsoppgåver

  • Omsorg, rettleiing og opplæring av born
  • Legge til rette for og delta i aktiv leik ute og inne
  • Legge til rette for og delta i arbeidet med å skape eit best mogleg lærings- og arbeidsmiljø
  • Ha god dialog og samarbeid med kollegaer og foreldre

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne-og ungdomsarbeidar  eller anna relevant utdanning
  • Erfaring frå i barnehage eller skule er ønskeleg
  • Kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg

Godkjend politiattest av ny dato må leggast fram før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Er engasjert, målretta, kreativ, omgjengeleg og lærevillig
  • Er fleksibel og kan samarbeide
  • Er tydeleg i vaksenrolla
  • Er initiativrik og arbeidssom
  • Ser verdien av tverrfagleg samhandling
  • Er god til å bygge relasjonar og rettleie

Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb i eit positivt og inkluderande miljø
  • Fagleg utvikling i eigen barnehage og felles i kommunen
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og utvikling
  • God pensjonsordning

Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.

 

Kontaktinformasjon

Ragnhild Våge Støyle, Einingsleiar Kvamsøy og Sandsøy, 48100454

Lisbeth Nykrem, Einingsleiar Haugelia, 48117554

Hege Beitveit, Einingsleiar Hauemarkja, 46890362

Anne Margrethe Dybvik-Hide, Einingsleiar Gjerdsvika, 91171324

Odd Gunnar Myhre, Kommunalsjef oppvekst og kultur, +47 90195701

Arbeidsstad

Rønnebergplassen 17

6084 Larsnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sande kommune



Referansenr.: 4776417503

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 03.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent
FINN-kode
342724366
Sist endret
24. mars 2024 12:29